Kvitt på Bandåsen i natt

Det la seg eit tynt snølag på Omos høgaste punkt, Bandåsen, i løpet av natta.  

Kvitt i Ryfylkehaiane, og på Bandåsen, i dag føremiddag.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

OMBO:

-Det er ikkje uvanleg at det kjem snø på denne tida, det er trass alt langt ut i oktober, seier Arnfinn Olsen til Øyposten.,

Olsen bur på garden Helgaland på Ombo, som er garden ved foten av Bandåsen. Bandåsen er 513,9 meter høg, og er også det høgaste punktet i Stavanger kommune.

-Er det glatte vegar, også?

-Nei, det har eg ikkje høyrt noko om. Eg har elektrikar på besøk, og han har ikkje nemnt noko om det, opplyser Olsen.

Det er Roda Agrio Maskin som rykker ut viss det er glatte vegar i øyane, også på Ombo, men heller ikkje dei har sett seg nødt til å gå til aksjon mot glattå, foreløpig.

Ifølge Yr skal det bli mildare ut over dagen.

Publisert: