"Hidle" skal inn i rute frå laurdag av

Den nye ferja MF «Hidle» blir sett inn i rute alt frå i dag av, melder Norled.

Publisert: Publisert:
MF «Hidle» ved ankomst til Stavanger. Planen var at denne eller søsterferja "Ombo" skulle byggjast om til hydrogendrift.

FINNØY:

Ferja kom til Ryfylke fredag, for å prøvekjøra kaiane i området. Det var vellukka, og nå skal ferja inn i rute. Dermed blir ferja "Fedjefjord" pensjonert for denne gongen.,

Det er eit par månader sidan "Hidle" kom til Stavanger. Ferja, som er bygd i Tyrkia, er er 10 meter lenger enn «Foldøy», og har plass til 12 fleire bilar. For trafikkantar frå øyane som skal reisa med den nye ferja er kanskje det den viktigaste opplysinga. Søsterskipet «Ombo», har også forlete verftet i Tyrkia, og er nå på veg mot Gibraltar.