FOGN:

- Eg jobbar sjølvsagt ikkje med kaka samanhengenda i tre dagar, men fleire prosessar over tid gir best resultat. Kaka må få «setta seg» mellom kvar operasjon, elles kan ein risikera at kaka sig eller i verste fall kollapsar, fortel Ona.,

Topp råvarer

Ona kom til Fogn ifrå Litauen i 2008, og jobbar på tomatpakkeriet kor ho er bestyrar Ståle Runestad si høgre hand. Familien på fire har etablert seg he og anser seg som fognabuarar.

Då Øyposten er innom er Ona er ho i full sving med ei bursdagskake. Ei mor vil overraska sonen sin fyller åtter år med bursdagsskake, ei skikkeleg fotballkake. Helst ville ho hatt ei kake på fem kilo!

Freistande lekkert.

- Nei, den blir ikkje fem kilo. No, før pynten er på plass, er kaka 2,5 kilo, så den blir rundt tre kilo når den er i ferdig.

Ikkje rart fotballkaka er tung. Berre smørkremen består av eitt kilo kvit sjokolade og 1 liter fløyte, i tillegg til sukker og egg. Ona tullar ikkje med råvarene.

Heilt sidan Ona var liten har ho baka, men det er fyrst dei siste 10- 15 åra ho gitt seg i kast med design - og tematiske kaker.

Unike kaker

Alle kakene lagar ho ifrå botnen av, og alle er unike.

-  Det er viktig for meg at kundane får den kaka dei ynskjer, at ho blir personleg og slik dei ser føre seg. Oftast får eg eit tema, så lagar eg kaka slik eg tykkjer den skal vera, fortel Ona og viser oss korleis ho lagar spesialeffektane, kva godkjente fargar ho bruker og kva utstyr som må til for å laga all den lekre pynten. Bilete og blomar lagar ho av eteleg papir, elles er det aller meste forma av eigne hender. Kakepynting er faktisk ei eiga verd med alt du ikkje visste fantes av utstyr og stæsj, og som gjer det mogleg å laga nær sagt kva som helst. Det meste bestiller Ona på nettet ifrå utlandet.

- Kva er den mest spesielle kaka du ha laga?

- Det må vera kaka til Ole Jakob Kjølvik som står på toppen av Mount Everest. Eg hadde ingen ide om korleis fjellet såg ut, difor byrja eg med å googla Mount Everest for å få ein ide om forma på fjellet. Deretter fekk eg eit bilete av han i fult klatreutsyr. Dermed laga eg ein mann i dei nøyaktig same kleda, same fargar og med dei same logoane på, og sette på toppen av fjellet. Då eg fekk høyra at han mista oksygenet rett før toppen, skunda eg meg å laga ei oksygenflaske som ligg igjen på bakken.

Tek pause

- Kva kaker lager du mest av?

- Kundane ynskjer seg mykje forskjellig, det kjem an på anledninga. Eg bakar mest aldri den same kaka to gonger. Snart går eg i gang med ei to-etasjes bryllaupskake, og det blir kanskje den siste eg rekk før tomatsesongen startar like over påske. Å laga kaker i tomatsesongen går ikkje, det blir altfor travelt. Men eg er svært nøgd med jobben min og gledar meg til å ta fatt på ein ny sesong. Så når det nærmar seg november igjen, ser eg fram til å kunne ta opp igjen verdas kjekkaste hobby, fortel Ona Batutiene.