RANDABERG

: Det var leiaren i Rennesøy Bondelag, Guttorm Gudmestad som hadde fått i stand møtet om det nye KULA-registeret, som Riksantikvaren har ansvaret for. I Rogaland er 17 landskap foreslått tatt med i registeret, mellom anna store deler av Rennesøy, Mosterøy og heile Sjernarøyane. Elles i fylket er til dølmes landskapa rundt Hafrsfjord, på randabergkysten, Avaldsnes, Lysefjorden og Suldalsvassdraget med.,

Orienteringar frå Riksantikvaren på møtet tysdag overbeviste ikkje Guttorm Gudmestad.

-Eg blir alltid uroleg når instansar som Riksantikvaren er på banen. Det kom ikkje fram noko nytt på møtet, eg er like skeptisk som før, sier Gudmestad til Øyposten.

Han meiner innsatsen nå må rettast mot poilitikarane, og håpar at Stavanger kommune vil avvisa forslaget om det nye registeret.

-Men eg tvilar på det går, dei som bestemmer i Stavanger er mest opptekne av å ha noko fint å sjå på, seier Rennesøy-bonden.

Overraska over motstanden,

Motstanden mot det nye registeret var stor hos fleire av dei dei frammøtte, noko som kom overraskande på den andre sida av bordet.

-Motstanden forundrar meg, eg trudde KULA var ein gavepakke til landbruket. Eg såg ikkje dette koma, sa møteleiar Kate Jellestad Syvertsen frå Rogaland fylkeskommune då ho runda av møtet.

Bønder og grunneigarar fryktar meir byråkrati og sterkare bandlegging av arealer, til hinder for utvikling både av næringsliv og samferdsel. Cecilie Askhaven frå Riksantikvaren kom likevel med gjentatte forsikringar om at det nye registeret bare skal skaffa ein oversikt over verdifulle kulturlandskap, og ikkje er nokon verneplan. Viss det hadde vore tilfelle, ville vernemyndighetene hatt ein heilt annan og grundigare prosess, la ho til.

-Eg kan ikkje sjå at dette skal gjera kvardagen meir komplisert for bøndene. Dette skal gje oss mulighet til å koma tidleg inn i prosessen og finna fram til gode løysingar, sa ho.

Askhaven understreka sterkt at vernemyndighetene har ei felles interesse med bøndene for å ta vare på kulturlandskapet og hindra gjengroing.

Guttorm Gudmestad  frykta likevel at bordet fort kunne fanga, og at hensikten med registeret kunne endra seg med tida.

-Kommunane må heller få skikk på dagens verneområde, før dei begynner med noko nytt, meinte han.

Ifølge Askhaven fylgjer det ingen ekstra midlar med til landskap som blir med i registeret, men ho meinte likevel det bør vera ein fordel når midlar skal fordelast.

Spørsmåla til Riksantikvaren var mange om kva det nye registeret konkret ville ha å seia, utan at svara var like mange. Men viss eit område kjem med i registeret kan kommunane fylgja opp med å laga spesielle «hensynssoner», kom det fram. Det kan også bli snakk om innsigelsar mot planar, men det ville i såfall vore ei aktuell problemstilling også utan KULA-registeret.

Nye fjos er ingen smykke

Geir Helge Rygg, leiar for havbruks- og landbrukskontoret på Finnøy, meinte at nye driftsbygningar ikkje alltid er «smykke» i landskapet.

-Men dei kan vera ein nødvendighet. Me må passa på at det er rom for dette også, sa han.

Jon Arne Vadla, bonde i Sjernarøy frykta at KULA-registeret kan skapa vanskar for store vegprosjekt som Øyfast, og Jon Olav Runestad frå Fogn var inne på det same då han åtvara mot at «blanda korta» i denne saka.

-Eg føler at Naturvernforbundet brukte muligheten til å foreslå at fisterøyane blir vurdert tatt med i registeret, sa Runestad.

KULA blei likevel ikkje bare snakka ned i forsamlinga. Både Runestad og Sølvi Ona Gjul meinte det var mykje bra i forslaget.

-Det kan bli ein vinn-vinn situasjon for landbruket. Me må ikkje sjå heilsvart på dette, viss formålet er å ivareta landskapet kan det gi ein viss trygghet for bonden, sa Runestad.