Berge Sandanger (t.v.) frå Vekstmiljø, produksjonssjef Maren Homnes Oddane og Karl Ivar Stangeland kunne torsdag offiselt åpna humlefabrikken i Klepp.

KLEPP:

Felleskjøpet har investert mange millionar i ombygging av det gamle forsøksfjøset på Klepp til humlefabrikk. Torsdag fekk pressa bli med inn i det aller helligste kor produksjonen av nye humlebol foregår.,

Norge er det einaste av dei skandinaviske landa som har eigen humleproduksjon, og ifølge Berge Sandanger, dagleg leiar i Vekstmiljø, er etterspørselen etter humlebol aukande.

-Humla skal vera fem gonger meir effektiv enn honningbier når det gjeld bestøving. Mellom anna er ho ute og flkyg ved lågare temperaturar, noko som er viktig når det gjeld bestøving på friland, seier Sandanger.

Det er Vekstmiljø som saman med belgiske Biobest og Karl Ivar og søstera Torunn eig Pollinering AS. Biobest er verdsleiande når det gjeld produksjon av nyttedyr, og omset for ein milliard eiro i året.

Sandanger reknar med at prodfuksjonen frå Klepp vil bli på rundt 6000-7000 bol i året. Øyposten vil koma tilbake med ein grundigare reportasje i papiravisa. Humlebol blir brukt både i produksjonen av tomat, epledyrking, til bestøving av jordbær og bringebær og i produksjonen av frøpoteter.