FINNØY: Stavanger kommune ved "Park og Idrett" har bidratt med både økonomisk støtte og praktisk gjennomføring med lyssettinga, medan Ryfylke Livsgnist er med på å krydra det heile for å gjera det enno trivelegare i sentrum for både store og små no i førjulstida.,Torsdag føremiddag blei også alle barnehagane invitert inn i den lyspynta "julegata" ,langs fylskesveg 519 gjennom sentrum, for å hengja opp kvar si julestjerne. Først ute var Ombo barnehage på Eidssund, og deretter gjekk det slag i slag utover føremiddagen og dagen. Øyposten var på plass då ei julepynta Silje Vignes Flesjå,  tok imot "Fjellerkene" frå Hagatoppen barnehage. Med  "Nå tennes alle julelys" som intro,og  ikledd ein sølvglitrande kjole påfesta ei mengde stjerneforma pepperkaker som barnehageborna fekk tildelt, blei det ein svært minnerik førjulsdag for dei mange barnehageborna.,Deretter blei den store julestjerna til "Fjellerkene" hengt opp, før turen igjen gjekk vidare og over på andre sida av "julegata". Der dukka sjølvaste nissefar fram bak døra i bakhagen til det gamle "Asheimhuset" der Finnøy blomster nå held til. Og frå sekken drog nissen opp enno ei lita førsjulsgåve til dei snille barna frå  "Fjellerkene" i Hagatoppen barnehage.