Om kort tid skal rundt 1900 personar vaksinerast i Fleirbrukshallen. Foto: Jon Asgaut Flesjå

FINNØY:

Dette kom fram etter eit møte mellom Stavanger Kommune og leiinga for hallen torsdag i denne veka.,-I praksis vil vel dette sei at all vaksinering skal føregå her når det blir starta opp for allmenn vaksinering av innbyggjarane i tidlegare Finnøy kommune, opplyser dagleg leiar i hallen, Arild Flesjå,utan at han vil eller kan gå meir inn i detaljane rundt dette.,-Men det er eit omfattande opplegg, med mykje logistikk som skal på plass i forhold til den praktiske gjennomføringa.,

Tilbyr dugnad

I motsetnad til både Mastrahallen og Renensøyhallen i kommunedelen Renensøy, er ikkje Finnøy Fleirbrukshall kommunalt eigd, ettersom det er eit såkalla SA eigd av ei rekke frivillege lag og organisasjonar og kommunen som eit andelslag.

Arild Flesjå

-Me har gitt tilbod om at me skal vera med på diverse dugnadsoppgaver som me vil få betalt for, i tillegg til at me får kompensajon og betaling for tapte leigeinntekter i kommunen. Den største leigetakaren er jo kommunen og skulen som har den daglege kroppsøvinga i hallen, som då må utgå i vaksineringsperioden.

Treningsstudio åpnar

Korkje Flesjå eller styret i hallen har noko motførestillingar mot å stilla hallen til disposisjon til eit slikt overordna viktig samfunnsoppdrag som det ein massevaksinasjon av lokalbefolkninga inneber.

-Det positive er at me alt i dag kan åpne opp og ta i bruk treningsstudioet vårt oppe i 2. etasje. Dette har vore veldig populært og blir mykje nytta. I tillegg genererer det ein del inntekter til hallen, seier Flesjå.