Geo van Leuwen ved Nibio og Patricia Mandez sjekker at tomatillosplantene trivast og vekst. Foto: Jon Asgaut Flesjå.

FINNØY: - Me tjuvstarta litt denne sesongen for å prøva oss fram. Med dobbel så stor avling i prøveperioden i forhold til det som blei produsert i forsøksprosjektet på Nibio på Særheim i 2018, er det all grunn til å vera nøgd. Det gode testresultatet er motivasjonen me treng til å satsa for fullt neste år, seier Jon Asgaut Flesjå som har dyrka fram tomtatillos i drivhusa sine på Flesjå saman med grunder Patricia Mendez.,

Trong fødsel

Eventyret til Mendez byrja for tre år sidan. Ho kom til Norge i 2012 og har sidan gått med ein businessdraum om å gjera den mexicanske super-råvaren til levebrød. Men det viste seg å ikkje vera beint fram. Sjølv med midlar ifrå VRI- prosjektet og Innovasjon Norge, samt ein lovande attest ifrå Nibio som har dyrka og forska på tomatillos i eitt år, var det vanskeleg å komma i gang.

- Det var fyrst og fremst problemet med å finna ein gartnar som ville dyrka plantene. Ingen av dei eg var i kontakt med i heile denne store veksthus-regionen ville vera med. Eg var på Jæren, på Finnøy og i Rennesøy og snakka med gartnarar, men svaret var alltid det same. Til slutt gjekk eg til Næringsforeningen i Stavanger og der møtte eg heldigvis næringssjef Anne Woie som snudde seg rundt og fann Jon Asgaut til meg, seier Mendez.

Før Mendez kontakta Nibio på Særheim, hadde det aldri vore dyrka tomatillos i Norge.

- Eg var veldig heldig. For på tidspunktet eg kom i kontakt med Nibio hadde dei gåande eit prosjekt med dyrking av eksotisk frukt. Dermed blei mykje av kunnskapen og grunnlaget som blei lagt då, brukt i den vidare dyrkinga på Flesjå. Og med ein vellukka testsesong bak oss, som ga mest 800 kilo frukt, ser eg neste års salsasesong lyst i møte

Sunne sausar

Mendez etablerte selskapet Salitas i 2018. I eit kjøken på eldresenteret Skipper Worse i Stavanger produserer ho tre ulike salsasausar. Ein grøn type som egnar seg godt til fisk og sjømat, og to litt kvassare typar. Oppskriftene har ho teke med seg ifrå familien sin i Mexico.

– Salsasaus er eit svært vanleg produkt i det det meksikanske kjøken. I motsetning til nordmenn som stort sett bruker salsasaus til taco og nachos, blir salsasausen brukt til nær sagt alle typar mat, mest som ketchupen i Norge. Salsasausane mine er svært sunne, heilt utan konserveringsmiddel og sukker, og mest ikkje salt, altså mest mogleg naturleg.

- Kan du leva av salsaprodukajonen på sikt?

- Det er  i alle fall målet. Eg samarbeider med grossisten Matkompaniet som distribuerer produktet til spesialbutikkar i de største norske bya, samt daglegvarebutikkane Coop Mega og Helgø.

I år kom tomatillos til semifinalen i det Det norske Måltid i årets grønn kategori.

- Kanskje kjem me til finalen neste år, det må jo vera eit mål å strekka seg etter, avsluttar  Patricia Mendez.

Tomatillo, som eigentleg er eit bær, ser ut som grøne tomatar, men er faktisk berre så vidt i slekt. Den er nærare beslekta  med physalis-frukt og har ein syrleg smak. Tomatillos er hovudingrediensen i Salsa Verde, og ein viktig ingrediens i det mexicanske kjøkkenet.