Erling Landa i midten, er leiar i det relativt nystarta grendalaget på Finnøy. Her saman med gode naboar på Nordbø-Landa. Til venstre Oddrun Merete Reilstad Handeland og Ove Handeland. Til høgre Svein Nordbø og Kåre Nordbø (Foto: Rune Nedrebø)||||

FINNØY:

Underskriftslista rettar seg mot planane om å utvida dagens anlegg med fire nye mærar og flytting av fõrflåten som ein følge av dette.,

Utvidinga av anlegget og flyttinga av flåten vil gjera at fiskeoppdrettanlegget kjem minst 220 meter nærare land, med dei negative følgene det får når det gjeld støy og lys og bruken av området til fiske og rekreasjon, går det fram av brevet underskrivarane har sendt til Stavanger kommune.

Ifølge underskrivarane ser det på kartet ut som at bare tre av dei fire flåtane blir liggjande innanfor området som er avsett til akvakultur, mens den fjerde pluss fõrflåten blir liggjande utanfor.  Dette er eit område som er avsett til gyteområde for torsk og hyse, heiter det.

I brevet blir det peika på at anlegget, som opphavleg låg utfor Døvika, er blitt flytta to gonger, noko naboane har vore uenige i kvar gong.

Innstendig bøn

"No vil Bremnes nok ein gong utvide anlegget mot sør, noko som vil påverka oss i negativ retning", heiter det mellom anna i brevet.

Det blir også peika på at dei nye ankerfesta med trosser til begge sider vil blokkera området, utan at dette er avsett til akvakultur. Dermed vil utvidinga koma i konflikt med andre hensyn, blir det hevda.

Viss anlegget blir utvida slik det er planlagt, vil det dessutan havna veldig nær grunnen Landaflua, som er eit område med tareskog og som blir mykje brukt til fiske med teiner, garn og snøre, argumenterer underskrivarane.

Brevet til kommunen sluttar med ei "innstendig" oppfordring om at oppdrettsanlegget ikkje blir utvida sørover, slik det er planlagt. Sjølv om utvidinga ikkje gjeld auka produksjon, ser underskrivarane likevel på planane som ein forberedelse til dette.

Dersom anlegget likevel får utvida, oppfordrar underskrivarane på det sterkaste om at skjer utover frå land, i nordaustleg retning.

Vil ha dialog

Bremnes Seashore seier i ein kommentar at dei vil gå i dialog med naboar på Finnøy om utvidinga av anlegget på Hesbygrunnen.

-Når me skal søkja om plassering av ein lokalitet er det mange omsyn å ta med i vurderinga. For det fyrste må arealbruken vera i tråd med plan- og bygningslova. I tillegg må plasseringa ta omsyn til trygg sjøtrafikk, fiskeri, naturverdiar og friluftsliv.

Grensa for kvit sektor frå Høna fyr går like nord for anlegget. Det vil difor vera utfordrande å flytta anlegget mot nord. Me vil likevel gå i dialog med naboane for å finna gode løysingar innan desse rammene, skriv Einar Eide, administrerande direktør i Bremnes Seashore i ein epost til Øyposten, kor han også lovar at selskapet vil ta initiativ til ein slik dialog.

Når det gjeld støy og lys frå dagens anlegg, skriv Eide at Bremnes Seashore i nær framtid vil installera landstraum ved lokaliteten, noko som han meiner vil betra støysituasjonen.

-Me ønskjer god dialog med naboane, og stiller gjerne til møte for å drøfta korleis me best kan imøtekoma naboane, skriv Eide.