Av Rune Nedrebø,

RENNESØY:

Det var i samband med oppussinga av det 200 år gamle huset på Bø at Sigrid Bø Grønstøl fann ut at ho ville gjera eit djupdykk i huset si historie. Det blei det ei praktbok på 280 sider av, rikt illustrert med gamle og nye bilete. Jamvel måleri av ulike motiv frå garden og grenda har ho funne fram og teke med i boka.,

-Det har vore eit stort arbeid og mykje pirk. I ei slik bok er det viktig at det som står er rett. Difor har det vore mykje leiting i ulike kjelder, både skiftlege og munnlege. Det har langt frå vore bare slit og strev, det har vore veldig kjekt, seier Bø Grønstøl til Øyposten.

Karl frå Finnøy

Resultatet som nå ligg føre som bok med tittelen "Karlahuset" er den 10. boka frå hennar hand. Den skriveføre kvinna er utdanna litteraturvitar, og er gift med pensjonert professor Hallstein Grønstøl.

-Kva er tanken bak boka?

-Dette er ei bok om huset, men også ei allmenn kulturhistorie som eg håpar folk i øyane vil kjenna seg igjen i. Denne boka kunne godt vore skriven om mange andre stader her, svarar ho.

Tittelen på boka "Karlahuset" skriv seg frå alle Karl'ane som har budd i huset i generasjon etter generasjon, heilt frå den første Karl kom frå Berge på Finnøy og gifta seg med dottera i huset Elen Bø i 1715, og fekk overta garden.

Heilt frå 1600-talet har namnet på odelsguten i huset skifta mellom Karl og Torger i annankvar generasjon.

Kinamisjonen starta her

Boka tek både føre seg folket som har budd på garden, Bø-grenda og bygningshistoria.

-Folket på Bø var kjende for å vera svært religiøse, og predikantar kom og gjekk i heimen til besteforeldra mine, både Foldøy'en og andre. Kinamisjonen på Rennesøy blei starta her ute, opplyser Bø Grønstøl.

Sigrid Bø Grønstøl om mannen Hallstein overtok huset, som er hennar barndomsheim, og renoverte det i 1989 frå innerst til ytterst. Det er spor etter minst to eldre hus i veggene, og før ekteparet Bø Grønstøl ga seg i kast med oppussinga såg det ei stund stygt ut for framtida tiul huset. Det var like før gravemaskinane skulla jamna det med jorda.

Men nå er det pussa opp og tilbakeført til fordums glans og prakt, med to piper og to bislag og flott hage. Slik er det verkeleg blitt noko Rennesøy kan vera stolt av