Næringsområdet på Talgje.

STAVANGER:

Venstre gjorde eit forsøk på å skjerpa krava til estitikken i næringsområdet, men fekk bare støtte frå Miljøpartiet og Rødt. Forslaget frå Venstre er at bygg med helningsgrad mindre enn seks prosent skal ha grøne tak, f.eks. sedumtak.,

Også Høyre vil ha dette vurdert før reguleringsplanen kjem opp til endeleg behandling i kommunestyret i desember, og skriv sitt oversendelseforslag:

"Nye klima og miløjøkrav med bakgrunn i fall i artsmangfold, gjør at diskusjoner om krav til ulike former for grønne tak vil komme opp i mange saker framover. Frem til behandlingen i kommunestyret ber vi derfor om et notat som belyser hvilken betydning bruk av lette grønne tak kan ha for lokalt miljø som luftkvalitet og innsekts/fugleliv. Notatet kan gjerne også belyse erfaringer med investerings- og driftskostnader for slike tak, kontra ordinære tak".

Venstre foreslo også at sjølinja som ikkje er kai skal plastrast, og at nye terrengskjæringar skal beplantast og utfyllingar sås til med gras i dei tilfelle kor det ikkje ligg føre konkrete byggeplanar. Dette fekk heller ikkje fleirtal.

Kjartan Alexander Lunde (v) er likevel nøgd med planen slik han nå ligg føre, sjølv om han meiner Venstre sine forslag ville ivaretatt utsjånaden endå betre.

-Med dei bestemmelsane som nå føreligg vil næringsområde sjå ganske fint ut frå sjøsida. Det blir krav både til mønte tak og til fargevalg, seier Lunde.