Den tidlegare grensa mellom Finnøy og Hjelmeland. Her byter Bandåsvegen i dag namn til Helgelandsvegen. Men heretter skal heile strekninga heita Bandåsvegen.|Det bør bli anledning til auka jakt på hjort på Ombo, meiner kommunedelsutvalet i Finnøy. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY: Bandåsvegen på Ombo byter i dag navn til Helgelandsvegen ved den gamle kommunegrensa mellom Hjelmeland og Finnøy. Administrasjonen i Stavanger kommune kunne avgjort saka på eiga hand, men valde i staden å la politikarane seia sitt. Alternativa var å ha to namn, men flytta grensa til næraste kryss, døypa heile vegen Bandåsvegen eller heile vegen Helgelandsvegen.,

Kommunedirketøren heldt ein knapp på Bandåsvegen, men også lokale røyster blanda seg inn. Arnfinn Olsen er grunneigar på Helgfeland, og argumenterte for ei delt løysing, medan Ørjan Omdal, som eig den ntidlegare husmannsplassen Brakahola, ville at heile vegen skulle heita Bandåsvegen.

Leiaren i kommunedelsutvalet Birger W. Hetland tykte ikkje det smaka godt å la ein "hyttemann" (Omdal) vinna fram mot synet til ein grunneigar (Olsen), mens Nils Petter Flesjå (h) ikkje kunne skjøna at ein grunneigar skulle ha større rett på eit navn enn andre. Resultatet blei at fleirtalet i kommunedelsutvalet gjekk inn for ei delt løysing, mot røystene frå Høyre pluss Ottar Sandanger.

Vedtaker er å rekna som ei tilråding i saka.