John Peter Hernes (h) vil ha nærare belyst retten til å byggja naust som ein del av "stadbunden" næring.|Birger W. Hetland har søkt om å få riva eit eksisterande naust og byggja nytt.

STAVANGER:

Saka kjem opp  i utvalet for by- og samfunnsutvikling torsdag i forbindelse med søknaden frå Sp-politikar Birger W. Hetland frå Sjernarøy om å få riva eit eksisterande naust og byggja eit nytt og større naust.,

Kommunedirektøren innstiller på at søknaden får avslag, med grunngjeving at han er mangelfull, og viser til at både landbrukssjefen i Stavanger og Statsforvaltaren i Rogaland vurderer søknaden å falla utanfor "stadbunden næring". Men direktøren ønskjer likevel at politikarane behandlar saka for å få ei prinsipiell avklaring.

Birger W. Hetland har søkt om å få riva eit eksisterande naust og byggja nytt.

I søknaden frå Hetland blir det vist til at naustet er nødvendig for gardsdrifta, og at det difor ikkje er nødvendig å søkja om dispensasjon frå LNF-formålet. Ifølge søknaden består gardsadrifta av 45 kyr, 50 vinterfora sau og 25 vinterfora geiter. I tillegg driv dei saman med nabobirøkt og har pr. no 28 kubeeininga og produserer rundt 4 000 kg honning i sesongen. Beitedyra er fordelt på Helgøy, Nord-Hidle og Hidleholmen.

"Utan tilgangen til bryggje og naust så ville det vera svært vanskeleg å driva gardsdrifta på tri ulike plassar slik brukar gjer i dag. Tiltaket er også i tråd med kommuneplanen og bidreg til å oppretthalda drifta og oppretthalda busetnaden på dei ikkje landfaste oyane i kommuhan driv med birøkt kor det er naturleg å bruka båt for å frakta kubene ut til holmar og øyar i området", heiter det i søknaden.

Henviser til Bokn-naust

Hetland viser også til saka om Bokn-naustet, kor det same utvalet i fjor vedtok at det naustet var i samsvar med kravet om stabunden næring, og at det same difor bør få gjelda for hans søknad.

Det eksisterande naustet er 39 kvadratmeter, medan det nye er 65 kvadratmeter. Men ifølge søknaden er storleiken den same som det eksisterande naustet tidlegare hadde, før ein skut på naustet blei riven på grunn av roteskader.

Landbruksjefen i Stavanger meiner det er ok å byggja opp igjen naustet i same storleik som nå, men meiner det ikkje er gjort tilstrekkeleg greie for at gardsdrifta til Hetland gjer at det er "større lagerbehov ved sjø". Det blir også vist til at garden har vore driven i 10 år utan behov for større naust. Bokn-saka gir heller ikkje ei generell åpning for bønder å få lov til å byggja naust, sidan kvar sak må vurderast for seg, heiter det. Ein konklusjon som får full støtte frå Statsforvaltaren i Rogaland.

Til møtet i utvalet torsdag foreslår Høyres John Peter Hernes at saka blir utsett, for at utvalet skal få ei nærare orientering om kvifor bønder i Finnøy har behov for naust til gardfsdrifta.

Vil belysa saka nærare

I forslaget heiter det:

"Utvalg for by- og samfunnsutvikling ber om at saken utsettes for en presentasjon rundt de

prinsipielle

sidene ved saken

.

Ref

naust saken på Bokn der en slik presentasjon var nyttig bakgrunn før vedtak.

Dette på bakgrunn av henvendelser fra andre som driver gård i Finnøy kommunedelplan, som mener saken er prinsipiell og bør belyses ved en kort presentasjon fra en representant for en/noen av dem som driver med landbruk på øyene".

Då saka om riving av Bokn-naustet var oppe til behandling i det same utvalet i fjor, fekk nausteigaren anløedning til å presentera saka si for utvalet. Det samstemte konklusjonen blant politikarane var då at naustet burde få stå, under henvisning til at det var nødvendig for gardsdrifta.