Kenneth Hageland, som for tida bur i Vikevåg, i gang med å montera taket på ein av gapahukane.||Joakim Hegreberg sørger for at avstivarane kjem på plass i byggverket.|Sveinung Handeland frå Arak på Finnøy er grillmeister i lunsjpausen.|Kenneth Haeland (t.v.) og Joakim Hegreberg viser stolt fram, dei nye gapahuklane dei er med og byggjer.|Eggebøstemmen ligg idyllisk til, ikkje langt frå turområdet Teigen.

FINNØY

: Med batteridrill og skruar kjem reisverket i gapahukane på plass ved idylliske Eggebøstemmen.,

Kvar onsdag og fredag er folk frå Arak, det kommunale arbeids- og aktivitetssenteret på Finnøy i sving med bygginga.

Kenneth Hageland (t.v.) og Joakim Hegreberg viser stolt fram, dei nye gapahuklane dei er med og byggjer. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det er kjekt å læra noko nytt, me har flinke folk til å rettleia oss, ein tømmermann og ein mekanikar, seier Kenneth Hageland, som for tida bur i Vikevåg , og nikkar mot Sveinung Handeland og Egil Nordbø frå Arak-teamet.

Då Øyposten ser innom er det lunsjpause og god stemning. Det er fyr på grillen og pølser på spidd, og sol frå skyfri himmel. Slik har det ikkje alltid vore på livsvegen til dei to som er med denne dagen.

-Det blei vel mykje fest og basar i byen for min del, for mykje alkohol, seier Kenneth Hageland åpent.

Han kan ikkje rosa tilbudet til Arak på Finnøy nok.

-Det er eit kjempetibud, det er kjekt å komma hit. Det er ikkje alle kommunar som kan varta opp med noko liknande. Eg håpar opphaldet hos Arak skal gjera at eg klarer å koma meg på beina igjen slik at eg kan ha ein vanleg jobb igjen, seier Hageland til Øyposten.

Joakim Hegreberg sørger for at avstivarane kjem på plass i byggverket. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Hageland har fagbrev som malar og byggtapetserar, mens kollegaen hans Joakim Hegreberg frå Vestre Åmøy er utdanna industrimalar og sandblåsar.

Arak på Finnøy er eit arbeidstilbod for folk i aldersgruppa 20 - 65 som av ein eller annan grunn fell utanfor arbeidsmarknaden. Nyleg ga Sparebankstiftelsen 90.000 kroner til speidarbasen ved Eggebøstemmen, og dei pengane blir brukt på bygginga av gapahukane. I tillegg er det bygd bru og gjerder rundt basen på dugnad. Gapahukane blir kappa og reisverket skrudd av Arak i leigde lokaler hos XL-Bygg i Steinnesvåg, før dei blir frakta opp og montert i speidarleiren.

Sveinung Handeland frå Arak på Finnøy er grillmeister i lunsjpausen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det er eit flott tilbud for oss også, seier Sveinung Handeland frå Arak til Øyposten.

-Koronaen legg begrensingar på aktivitetane våre, men her kan me vera ute og jobba utan å tenkja på smittefaren, seier han.

Avtalen med Arak er at set opp reisverket og legg tak, mens speidarane sjølv skal kle veggene og leggja golv. Dei nye gapahukane ligg idyllisk til i skogholtet like ved det vesle oppdemde vatnet, og skal også kunna nyttast av folk på tur i området.

Eggebøstemmen ligg idyllisk til, ikkje langt frå turområdet Teigen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Gruppeleiar for speidarane, Jone Ullenes, seier at også Finnøy-bonden som eig området, ynskjer at basen skal vera åpen for turfolk.

-Det var nok også ein viktig grunn til at Sparebankstiftlesen ga pengar til oss. Eggebøstemmen er blitt ein god del brukt om vinteren til skeising, men med basen vår her kan området bli ei ny turperle på Finnøy både sommar og vinter, seier Ullenes.