Avviklar baderoms-butikken på Judaberg

Etter snautt 40 år i bransjen legg Gerd og Audun Steinnes inn årene og avviklar baderomsbutikken på Judaberg.

Gerd og Audun Steinnes har overlevert roret til sonen Anders. No ventar ein ny periode i livet.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FINNØY: Røyrleggarbedrifta Steinnes VVS forblir like vel på Finnøy. Firmaet held fram i LHV sitt næringsområde på Nådå, og i tillegg opnar dei nye lokalar på Hinna og utvidar staben.

Heilt sidan oppstarten har pilene peika oppover, og bedrifta har utvikla ein sunn og sterk økonomi. I fjor omsette Steinnes VVS for over 30 millionar, og går med det inn som nummer sju i bransjen i Rogaland.

Blant anna har dei levert alt røyrarbeid og utstyr til alle dei 60 parsellhyttene i Steinnesvåg. Eit prosjekt som har gått over fleire år, og som no er ferdigstilt.

Effektivisering

Dei to grundarane er i ferd med å bli pensjonistar, og har overlate rorert til sonen Anders.

Etter 11 år i Judaberg sentrum flyttar butikken om kort tid til Hinna, nærare bestemt til Boganesvegen, like ved Viking stadion. Der blir det utstillingsrom og administrasjon.

– Slik det er nå sit Anders og prosjektleiinga på kvart sitt kontor i Sandnes. Når me i tillegg har butikk på Judaberg og lager på Nådå, blir det ganske tungvint å driva effektivt. Lageret skal rett nok bli verande på Finnøy, men alt anna blir samla på Hinna, fortel Gerd.

Lang historie

Steinnes VVS blei etablert heime på garden på Steinnes i 1983.

– Tanken var at eg skulle ha litt røyrlegging ved sida gardsdrifta, men det gjekk ikkje lang tid før det blei motsett. Dermed blei det at eg selde jorda til naboen og begynte som røyrleggar på heiltid, fortel Audun.

I 2005 flytte ekteparet bedrifta inn i lokala til tidlegare Byggmakker i Steinnesvåg, og starta samtidig butikk. Seks år seinare overtok dei lokala etter Øyposten i det gamle bygget til handelslaget på Judaberg, kor dei har vore fram til nå. Bygget vil nå bli avertert for salg.

– Kva tenkjer du om å bli pensjonist etter eit langt og aktivt yrkesliv?

– Herleg. Me er privilegerte som kan slutta av samstundes, og at begge har god helse. Me kjem ikkje til å bli pensjonist-pensjonistar, til det er det altfor mykje som må gjerast med blant anna vedlikehald av hus og eigedom. Det skal prioriterast nå, og det trur eg blir kjekt. Dessutan har me båt, som me tenker skal bli meir brukt etter kvart. Det blir nok ikkje problem me å få tida til å gå. Det kjennest heilt rett at me to gir oss nå, seier dei ekteparet frå Finnøy.

Fattigare sentrum

Med Steinnes VVS forsvinn ein kjærkomen nisjebutikk som har blitt ein institusjon i sentrum som vil bli sakna av mange. «Alle» som har fått nytt bad i Finnøy kjenner Gerd frå butikken.

– Det er klart det er synd når butikkar forsvinn frå sentrum, men eg trur det vil komma nye eigarar som ønskjer å driva butikk. I alle fall er lokala svært godt egna til den slags. I tillegg er det fem leilegheiter som alle er utleigd, og som det det har vore stor etterspurnad heile tida. Men no skal eg snart overlata til andre å fylla den rolla. Allereie har det vore fleire interesserte, så eg er ikkje uroa for at det vil ståande tomt, avsluttar Gerd Steinnes som er i ferd å rydda seg ut av eit langt yrkesliv.