Høgre vil oppgradera Judaberg sentrum
Høgrepolitikarar i fylket og på Finnøy vil ta initiativ til eit prosjekt som skal gjera Judaberg endå meir attraktivt.
FINNØY: Fylkeskommunen har ein pott på 1.5 millonar kroner som er øyremerkt til utvikling av tettstader i Rogaland.
Tilskotsordninga skal bidra til å utvikla tettstader i Rogaland som stimulerer til utvikling av levande og attraktive tettstadssentrum. Dette er eit av fire hovudsatsingsområde i Utviklingsplan for Rogaland i regi av Rogaland fylkeskommune. Fleire mindre stader i regionen har alt fått pengar.
Kommunen må bidra
Fylkespolitikar Erlend Jordal (h) seier til Øyposten at prosjektet på Judaberg er avhengig av kommunale midlar i tillegg, om dei skal klara å koma i mål med prosjektet.
Han ser føre seg at kommunen bidreg med rundt 400.000 kroner og fylkeskommunen med 200.000 kroner.
– Kanskje går det til og med an å håpa på eit bidrag frå lokalt næringsliv. Eg tur det er politisk vilje til å få dette til, både i byen og på Finnøy. Det er viktig med lokal forankring, difor er det naturleg å tenka at initiativer bør gå via kommunedelsutvalet, seier Jordal.
På lag med næringslivet
Nils Petter Flesjå meiner det er viktig at små lokalsentrum ikkje blir hengande etter i forhold til Stavanger.
– Skal ein unngå det må dei vera attraktive og utviklast med innhald slik at folk får lyst å stoppa på Finnøy på veg innover i Ryfylke. Mykje er bra på Judaberg, men det er rom for forbetringar. Gjennom åra har det blitt lagt fram fleire ulike tankar rundt sentrumsutvikling på Judaberg, men manglande finansiering har skrinlagt planane. Pengane frå fylkeskommunen er ein godt start og kan gjera det lettare å få med politikarane i Stavanger, som eg trur vil vera positive til ei slik sak. «Alle» er interesserte i fine, velfungerande kommundelar.
Området ved den gamle ferjekaia er regulert som torg, det betyr at det ikkje trengs endringar av planen for å få dette til.
– Me ynskjer sjølvsagt å spela på lag med butikkane og næringslivet på Judaberg, slik at dette blir ein vinn-vinn situasjon for alle, seier Flesjå.