Prislappen i Vikevåg varierer frå 132 mill. til 195 mill.
Viss meieriet skal renoverast, bygget kor Gjenbruken held til skal rivast og erstattast med eit større nybygg, blir prislappen nesten 200 millionar kroner.
RENNESØY: Kommunedirektøren rår fortsatt til at politikarane går for alternativ A. for utbygging i Vikevåg. Det inneber oppgradering av Kulturhuset Meieriet og det same for Helsehuset. Prislappen for dette blir 132 millionar kroner. Det er også dette alternativet tannhelsetenesta ynskjer.
Men viss det skal byggjast nybygg på kaien, slik intensjonsavtalen tilseier, så vil det kosta 176 millionar kroner, inklusiv ei enklare oppgradering av Kulturhuset Meieriet.
Ulempen her er at nybygget, slik det er utforma ikkje passar til tannlegekontor, og dessutan må kanskje kaien hevast med halvannan meter for å møta ein situasjon med stormflo. Dette vil gi utfordringar i forhold til andre bygg.
Det er også eit alternativ med privat utbyggar, kor kommunen kan leiga lokaler. Dette er anslått til å kosta 134 millionar kroner, men kommunen reknar med at leiga vil bli forholdsvis dyr. I tillegg er det usikkert når bygging kan koma i gang.
Det er også eit alternativ å byggja eit mindre helsehus på kaien, oppgradera meieriet fullt ut som i alternativ A. Prislappen for dette er 168 millionar kroner. Det er dette alternativet politikarane i Rennesøy ynskjer. Viss det blir eit større nybygg vil det kosta 195 millionar kroner.
Salg av kommunehustomta til boligbygging er anslått til å ha ein verdi av 12,5 millionar i inntekter, og salg av kaihuset kor Gjenbruken held til er anslått til ein verdi av 4,5 millionar kroner.