Sorpa og regnbyger stoppa ikkje Finnøy Skule-elevane
Det blei vurdert å avlysa turen til dagsturhytta på Fogn på grunn av elendig vêr, men turen blei like vel gjennomført og mange av elvane kosa, seg trass i regnbyger og sorpestiar.
FOGN: Rundt 400 elevar var torsdag på den årlege hausturen til skulen på Finnøy. I år gjekk turen til den nye dagsturhytta på Fogn, og elevane frå 2. til 10. klasse gjekk heile vegen frå ferjekaien til dagsturhytta. Vel framme serverte skuleleiinga kanelboller, før turen gjekk tilbake til kyrkja på Fogn, kor det var grillmat å få.
Blant dei som tok turen opp var Tormod Mjølsnes frå Finnøy. Han syntes det var blautt nokre stader, men andre stader var det slett og fint å gå.
-Eg går mykje tur når me er på hytta med mamma og pappa i Suldal, seier han.
-Kva synes du om dagsturhytta?
-Den er fin, spesielt putene inne, synes han.
Ida Spanne Fausk frå klasse 7 A var også blant dei som tok turen. Ho synes det var ein fin tur, og skryter også av dagsturhytta.
-Fin farge, synes ho.
Ho hadde med seg fadderbarnet Ingeborg Mathilde Lauvsnes frå andre klasse, og ho syntes turen var «litt slitsam».
Solveig Mjølsnes Hatletvedt, som er avdelingsleiar på skulen, er imponert over kor godt dei eldste elvane tok seg av dei mindre og hjalp dei på turen.
-Det var heilt rørande å sjå, seier ho, og legg til at turen var nydeleg, sjølv om det regna.