Godt besøk på «den koselege litla salgsmessa i Bethel»

Det var godt besøk og godt salg på salgsmessa i Bethel på Judaberg laurdag, som i år kunne feira 10-års jubileum.

Inger Meland hadde desse fine strikkeluene for salg.
Publisert:

FINNØY: Det myldra med folk inne i det erverdige lokalet, då Øyposten var innom. Her blei det frambydd varer av mange slag: Flotte strikkeluver, fargerike strikkejakkar, vaksne vanter, gode ullubbar strikka med tynt garn til ein rimeleg penge, flott trearbeid frå Talgje og nydeleg bundne kristornkransar frå Malvin Sandanger på Fogn.

Det var Reidun Asheim som hadde dei flotte lubbene til salgs. I tillegg selde ho også strikkepinnane sine, for nå svikta synet, og då er det ikkje lett å spøta.

Frå Fogn kom tvillingane Sarah og Leah Sandanger, barnebarna til Malvin, og hadde det ganske travelt, for maken til kransar skal du leita lenge etter.

Reidun Ruud Mjølsnes har spesialisert seg på dekorasjonar med materialer frå naturen.

Blant dei som kjøpte var Aud Vignes og Margunn Tungland Nordbø.

-Det er kjempeflotte kransar. Me måtte innom for å sjå om dei hadde i år også, seier dei.

Inger Meland sel flotte strikkeluer og strikkejakkar, og har sitt eige vesle firma som heiter «Ablagoya».

-Det er veldig god stemning på messa, synes eg, seier Meland, som også synes salet går bra.

Reidun Asheim var blant dei som hadde strikketøy til salgs.

Ho brukar ull frå Shetland blanda med alpakka, men nå vurderer ho å gå over til norsk ull frå pelssau.

Framme ved talarstolen, kor både Lars Oftedal og Svend Foldøen sikkert har stått, har Reidun Ruud Mjølsnes funne sin plass. Ho sel dekorasjonar av fleire typar laga av materialer frå naturen.

Sara og Leah Sandanger, barnebarn til Malvin hadde ikkje problemer med å selja dei flotte kristornkransane. Her snusar Aud Vignes og Margunn Tungland Nordbø på varene.

Skikkeleg fine er dei, men så har ho også fortid som blomsterdekoratør og innehavar av blomsterbutikk i Stavanger.

-Det har vore bra med folk og godt salg, seier Finnøy-kvinna, som synes salsmessa i Bethel er ei «koseleg messe».

-Det er viktig med litt mangfold på Finnøy, det kan ikkje bare vera misjonen som driv med julemessser. Me må ha litt for ein kvar smak, meiner ho.

Strikkepinnar til sals.
Tydeleg plakat om kva som føregår inne i Bethel.