Talgje Rensefisk søkjer om å produsere kveite

Det landbaserte oppdrettsanlegget på Talgje ønskjer fleire bein å stå på.

Dagleg leiar Liv Lorentsen og biologiansvarleg Christoffer Moss i Talgje Rensefisk ved kara som i desse dagar produserer leppefisken berggylt for Mowi.
Publisert:

Talgje Rensefisk bygde i fjor nytt varmeanlegg for å omstille seg. Nå søkjer dei Rogaland fylkeskommune om lov til å produsere settefisk av kveite, i tillegg til det dei alt har løyve til for berggylt og rognkjeks.

– Anlegget vårt på Talgje har stor kapasitet, og me jobbar med korleis auke produksjonen, seier dagleg leiar Liv Lorentsen i Talgje Rensefisk.

Stort potensial

I år har selskapet leigd ut anlegget til Mowi for produksjon av reinsefisken berggylt. I oppdrettskara på Talgje står nå kring 300.000 fisk som dei neste par vekene skal skipast ut til Mowis oppdrettsanlegg nord for Bergen. Der skal dei gå i merdane for å ete lakselus.

– Me har drive med underskot dei siste åra, men me har eit stort potensial for å utvide og få til god drift, seier Lorentsen.

Både gjeldande konsesjon og eigedomen på Talgje er langt frå fullt utnytta.

– Me vil sjå på om me kan produsere matfisk i tillegg til reinsefisk. Rogaland har ein stor produksjon av kveite gjennom Sterling White Halibut på Hjelmeland, og dei treng nokon som kan levere settefisk, seier Lorentsen.

Nok biomassemål

Etter gjeldande konsesjon kan Talgje Rensefisk ha ståande ein samla biomasse på inntil 150 tonn. Dei søkjer ikkje om å utvide denne mengda, berre om å kunne plusse på kveite til berggylt og rognkjeks.

– Først må me få tillatelsen, så kan me starte ny produksjon. Me ser på ulike kombinasjonar av matfisk og reinsefisk, seier Lorentsen.

For kveite er det tale om å klekke egg og å drive fram yngel og settefisk for vidare oppdrett i dei fjordbaserte anlegga til Sterling White Halibut. Halibut er det engelske namnet på kveite.

Mindre rognkjeks

Talgje Rensefisk har dei siste åra vride om produksjonen frå rognkjeks til berggylt. Ein grunn er mindre etterspurnad etter rognkjeks, sidan rognkjeks vil ha kaldt vann og strevar med å overleve gjennom sommarhalvåret i laksemerdane.

Berggylt trivst i varmare vatn og vil ha minst 14 grader for å vekse. Då må Talgje Rensefisk varme opp sjøvatnet som dei pumpar opp frå over 100 meters djup ute i fjorden, og til dette installerte dei i fjor to store varmepumper.

Berggylt klare for å bli sett ut i sjøen. Midt i karet har dei ein tangvase av plast som gir skjul.

Kveiteyngel vil ha ein temperatur som ligg ein stad mellom idealet for «vinterfisken» rognkjeks og «sommarfisken» berggylt, fekk Øyposten opplyst då me torsdag vitja det moderne landbaserte anlegget sør i Finnøy kommunedel.

Kart som viser anlegget til Talgje Rensefisk:

Publisert: