Misjonskvinnene på Finnøy held stand

Lyngbø kvinneforening på Finnøy rundar 162 år i år, og dei sju medlemmene i foreninga er i god gang med planlegginga av haustens basar på bedehuset Emmaus.

Lyngbø kvinneforening samla til møte igjen. Rundt bordet sit Aud Vignes (t.v.), Sønøve Meihack og Astrid Landa (nærast). På motsett side sit Gerd Judit Kolstø (t.v.) og Marit Vignes. Laura Johannesen og Margaret Landa var ikkje med då biletet blei teke.
Publisert:

FINNØY: -Me er nok ein utdøyande rase, seier kvinnene rundt bordet heime hos Marit Vignes på Finnøy.

Det er godt vaksne kvinner som utgjer foreningen. Den yngste, Marit Vignes er 71, så då er det kanskje ikkje så rart at dei føler at dei tilhøyrer ein epoke som er i ferd med å ebba ut.

-Det er ein trend dette, dei unge finn nye måtar å samlast på. Men me synes det er både sosialt og kjekt å gjera ein innsats for misjonen og for bygda, understrekar Finnøy-kvinnene.

Dei sju medlemmene møtest kvar 3. veke om hausten og vinteren, fram til mai. Møta går på omgang hos kvar av dei.

Etter først å ha sunge for maten, blir det servert ein enkel lunsj, og deretter held dei seg til eit møteopplegg med aktuelle tema eller tema frå bibelen. Ei salme høyrer også ofte med.

-Nyleg diskuterte me grådighetskulturen, seier dei.

Kaffi høyrer med når kvinneforeninga på Finnøy møtest.

Nå i haust står basar på bedehuset Emmaus på tapetet, kor mykje skal organiserast og leggjast til rette. Sist dei kunne arrangera basar, før korona’en, møtte det fram heile 150 personar. Og utbytet frå basaren blei ikkje mindre enn 60.000 kroner, som gjekk direkte til misjonen.

Nå prøver dei seg igjen; 1. oktober klokka 14. Dermed kan også dei yngste bli med.

-Sidan det er barn med, nøyer me oss med ein kort andakt. Dessutan blir barnekoret Finnøy Fun Children med, det blir pølser i brød til alle og kaker og kaffi, seier Marit Vignes.

I 1940 var det 4500 misjonsforeningar her i landet, med rundt 112 500 medlemmer. Mange av dei fokuserte på ulike misjonstiltak, og var ofte også med på å byggja skular og helsetilbud på misjonsmarka. Men det var også ein viktig arena for kvinnene, kor dei kunne driva organisasjonsarbeid og leggja vekt på ulike former for diakonalt arbeid.

På Finnøy i dag er det fleire kvinneforeningar, og Lyngbø er ein av dei, og sannsynlegvis den eldste.

Korleis foreninga kom i stand, er det ingen rundt bordet som veit, men Det Norske Misjonsselskap, som foreninga tilhøyrer, har gjorde dei merksam på at foreninga runda 160 år for to år sidan.

-Kanskje finst det papirer der som fortel meir om oppstarten, seier Marit Vignes.

-Kva skjer med misjonen viss kvinneforeningane forsvinn?

-Då må inntektene koma frå andrer stader. Mellom anna er gjenbruks-butikkar blitt både ei viktig inntektskjelde og ein viktig møteplass, er oppfatninga rundt bordet.