Skal åpna pizza-restaurant i Vikevåg

Eigaren av Finnøy Pizza, Alexandra Ciuciu, skal åpna pizza-restaurant i lokalene til Rennesøy Kebab og pizza på kaien i Vikevåg.

Alexandra Ciuciu frå Finnøy skal åpna pizza-restaurant på kaien i Vikevåg.
Publisert: Publisert:

RENNESØY: - Det blir same menyen og same åpningstidene som på Finnøy. Bare navnet blir nytt. Restauranten i Vikevåg skal heita Amo Pizza, seier Alexandra Ciuciu til Øyposten.

Lokalene til Rennesøy Kebab og pizza har stått tome, etter at eigaren la ned drifta i mars i år. Men nå blir det nytt liv i lokalene.

Planen er å åpna måndag 19. september, eller seinast 1. oktober. Finnøy Blomster har bistått med dekoren i restauranten, og det vil bli installert ny pizza-ovn.

-Me kjem til å ha gode tilbud åpningsdagen, seier Alexandra Ciuciu, som har drive pizza’en på Finnøy åleine frå 2018. Før det dreiv ho saman med bror sin.

-Det går veldig bra, og eg håpar eg skal åpna fleire pizza-restaurantar, seier ho.

I dette lokalet kjem det snart ny pizza-restaurant.

Navnet på den nye restauranten i Vikevåg, «Amo» er inspirert av ordet amore, som betyr kjærleik på italiensk. Pizza og Italia er dessutan to sider av same sak.

-Den første bokstaven i navnet på restauranten er også den første bokstaven i navnet mitt, og den andre er første bokstaven i navnet til sonen min, Mark, smiler Alexandra Ciuciu.

I restauranten vil det både bli pizza, hamburger, kebab og andre matrettar å få kjøpt.

Alexandra Ciuciu er frå byen Arad, som ligg i Transylvania i Romania. Kunsten å laga pizza lærte ho heime.

-Me har ganske mange frå Rennesøy som kjem til Finnøy for å kjøpa pizza eller andre matrettar. Nå gledar eg meg til å kunna tilby folk i Rennesøy god mat frå restauranten min i Vikevåg, seier ho.