Tina Nådland stiller på Ap-lista
Koordinator på Innbyggertorget i Vikevåg, Tina Nådland, er på 11. plass på lista til Ap til kommunevalet neste haust. Lærar Hanne Vasshus frå Finnøy er på 13. plass.
RENNESØY: -Eg følte eg nå har anledning til å engasjera med i politikken igjen. Det er viktig med representantar som kjenner problemstillingane i øyane, seier Tina Nådland til Øyposten.
Ho understrekar like vel at dersom ho kjem inn i Stavanger kommunestyre, så vil ho vera representant for heile Stavanger, og ikkje bare for Rennesøy.
-Har du hjertesaker du brenn for?
-Gode forhold for næringslivet, skule og å støtta opp om dei som vil noko. Eg har ganske mange saker eg brenn for, eigentleg, svarar ho.
Tina Nådland har erfaring som folkevald også tidlegare. Ho sat ein periode i kommunestyret i Rennesøy, var leiar av planutvalet der og representerte då SV.
-Det er ei stund sidan eg melde meg ut av SV og inn i Ap. Eg har stemt på Ap ved fleire anledningar, seier Tina Nådland til Øyposten.