Tankar frå ein rullestolbrukar

Ho kjem aldri til å gå på beina sine igjen, men på Rennesøy kjenner ho likevel at livet i rullestol kan vere godt.

Ingun Westergård trivst godt på Rennesøy.
Publisert:

Ingun Westergård syntest det var som å vinne i eit lotteri då ho fekk vedtak om omsorgsbustad på Vikevåg.

– Her på Rennesøy har eg det fint, seier ho. Westergård er utdanna puncheoperatør og gjekk kontorfag i Bergen.

Stova er fargerik som hovudpersonen sjølv. Sofaen er grøn, duken på bordet gul, og dette har ho planlagt til minste detalj.

– Dei fargane går så godt saman, seier ho og gir Øyposten eit lynkurs i kva fargar som går best i lag.

Utsikt frå stova

Fjorden ligg rett føre stovevindauget og glitrar under haustsola. Ho fortel om eit langt og variert liv. I fleire år budde ho i Amerika, men landet ho saknar mest, er Spania.

– Eg pleier å synge med ein musikar der. Det gjer eg ikkje så ofte lenger. Eg har gode minner der frå. Ein gang eg song Tears in Heaven på ein restaurant, høyrde Ole Ivars meg synge, og dei sa at eg burde hatt platekontrakt, seier ho stolt.

– Det er draumen min å få den moglegheita.

I dag har ho andre ting som gir henne glede i kvardagen. Gode naboar, til dømes. Sjøutsikta. Det å få lov til å ha eit eige heim som ho kan innreie nett slik ho ønskjer. Tidlegare budde ho på Stokka, men som ryggmergsskadd var det ikkje godt å leve der ho budde.

– Brannalarmen ulte heile tida, og det var vanskeleg å kome seg ut or leilegheita. Døropninga var for smal, så det var vanskeleg å køyre rullestolen ut utan å slå beina i dørkarmen.

Vedtak om bustad

Ho fekk vedtak om ny omsorgsbustad på Rennesøy etter at blant anna ergoterapeut hadde sagt at bustaden ho budde i, var for liten til henne som var avhengig av rullestol. Leilegheita er tilpassa livsløpsstandard, med open løysing til kjøkkenet.

– Då ein fagkonsulent hadde kjempa for at eg skulle få denne leilegheita, og eg fekk han, blei eg så glad at eg skreiv eg eit dikt til henne.

Livet har likevel ikkje alltid vore like lyst. Ho fortel om episodar ho helst skulle vore forutan.

– Ein gong var eg på matbutikken i byen. Eg ville pakke varene mine sjølv, men det gjekk ikkje så fort. Eg er rullestolbrukar, men vil gjere ting sjølv, og det er det ikkje alle som toler. Eg fekk beskjed om å flytte meg, for eg stod i vegen for dei andre kundane. Det er audmjukande å bli behandla på den måten.

Andre krenkingar

Ho har også opplevd andre krenkingar.

– Desse episodane har vore psykisk belastande for meg som er sjølvstendig rullestolbrukar, seier ho. Ho legg til at ho både vaskar golv og skurer vindaugo sjølv. Det har vore mange som har støtta henne i desse situasjonane, men likevel er det krenkingane ho hugsar best.

– Det er dessverre mange som har fordommar mot oss som sit i rullestol. Det er beina som ikkje verkar. Hovudet verkar godt, men det er det ikkje alle som forstår.

Ho fylte nett 70 år og har vore avhengig av rullestolen sidan 2003. Det stoppar henne ikkje frå å leve eit godt liv.

Publisert: