– Dei angrar og har bedt om unnskyldning
Måndag morgon kunne me høyre om ein eldre mann som hadde blitt plaga av nokre gutungar på Judaberg. Denne saka er no oppklart.
Øyposten har prata med mødrene til to involverte gutar i saka.
– Det er sårt å vite at ungane våre er involvert i dette. Me er leie oss for at det skjedde, og har tatt kontakt med dei pårørande i saka. Guttane våre angrar og har bedt om unnskyldning.
Ikkje fysisk vald
Samstundes ønskjer dei å fortelje at det aldri var snakk om noko fysisk vald.
– Det går rykte om slag og spark, og dette stemmer heldigvis ikkje. Sosiale media er nok med på å hausse dette opp meir enn nødvendig. Hugs at dette er barn. Me følgjer opp og er til stades, men ting hender likevel. Då vil me at alle skal vite at me tar dette på alvor og samarbeider med andre for at dette ikkje skal hende igjen.
Mødrene ber no om ro rundt saka.
Mykje fokus
Det opphavlege innlegget som sette søkjelyset på hendingane blei delt ein rekke gonger i sosiale media, og mange engasjerte seg i dette.
– Det blir fort sånn at mange gjer seg opp ei meining om kva som er passande straff og at foreldra ikkje er påkopla, men det er ingen som eigentleg veit kva som blir gjort i saka, seier politikontakt Svend Erik Ellingsen og ber folk om å tenkje seg om før dei spreier rykte som dei høyrer.
Om saka seier Ellingsen at foreldra han har vore i kontakt med, handterar saka på ein best mogleg måte sjølv. Skulen er også informert om saka.