Trygve Petter Nilsen og Jeanette Tjøstheim Olsen fortalde om korleis innbyggjarane kan gje innspel til tiltak som kan gjere trafikken tryggare på Finnøy. Foto: Silje Talgø Klakegg

Hensikta med møtet var at nokon frå administrasjonen i kommunen ønskjer å vere tilgjengelege for folk som ønskjer å kome med innspel til den komande trafikktryggleiksplanen som skal gjelde frå 2025 til 2028.

Og innspel kom det.

Stavanger kommune er ein såkalla «trafikksikker kommune». For å få lov til å kalle seg det, er det ulike tiltak kommunen må dokumentere at dei har utført. Eit av desse tiltaka er trafikktryggleiksplanen.

– I tillegg handlar det om at skular og barnehagar skal ha planar for trafikktryggleik, til dømes ved at dei har trafikk som ein del av opplæringa, og at dette kan dokumenterast, sa Jeanette Tjøstheim Olsen, som var ei av dei 24 tilsette i avdeling for veg og trafikk som var til stades på møtet.

Herrebenken var svært engasjerte i møtet. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ikkje fylkesvegar

Det blei sagt tidleg i møtet at kommunen ikkje har mandat til å gjere tiltak på fylkesvegar, men at det kan sendast søknad om trafikksikringsmidlar for å utføre eventuelle mindre tiltak på desse vegane. Denne søknaden er det kommunen som tar seg av, men det er viktig at dei då veit om område der det trengst sikringstiltak. Dei kan ikkje søkje om midlar dersom vegen ikkje står i trafikktryggleiksplanen.

Her har busetnaden i Finnøy kommunedel moglegheita til å påverke. For å sende inn innspel, kan du gå inn på denne lenka. Er det vanskeleg, kan du ta ein tur innom innbyggartorget og få hjelp der. Frista for å kome med innspel er den 29. februar.

– Me kan dessverre ikkje nytte kommunale midlar til å utføre tiltak på fylkesveg, sa Trygve Petter Nilsen, ein annan av dei tilsette i veg og trafikk.

Ja, men nei

Nina Prytz informerte om eit av dei store problema for Finnøy kommunedel; at kommunedelen reknast som ein del av bymiljøpakka, men at vegane ikkje kan ta midlar frå der på grunn av avstand til sentrum.

– De fell mellom to stolar, sa ho.

Det kom spørsmål om ikkje kommunen kan ta over fylkesvegane, og dette var ikkje eit ønskje frå kommunen si side.

– Fylket får pengar frå staten per kilometer veg, medan kommunen får pengar for kvar innbyggar. Fleire kommunale vegar vil vere eit reint tapsprosjekt for kommunen, og me har ikkje meir pengar enn me må ha, sa Nilsen:

– Det er like frustrerande for oss å kjempe mot fylket.

Jan Asjen lurte på kvifor det ikkje blir gjort meir for dei som syklar på Finnøy.

– I 40 år har me høyrt at me må sykle meir. Me må nytte kroppen. Kvifor blir det ikkje lagt til rette for at me skal overleve medan me syklar? Eg har sykla på øyane i alle år, og eg lever framleis, men eg har vore pressa ut i grøfta av bilar, sa han.

Han legg til at det blir rekna som farleg å gå i trapper, og at det derfor må monterast rekkverk, men å sykle på Finnøy skal vere greitt.

Mange møtte opp for å høyre om trafikktryggleiksplanen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Dødsfall i trafikken

Det blei også sikta til at det har vore omkomne i trafikken på Finnøy, og ein av dei var på strekket mellom fleirbrukshallen og Judaberg.

– Når kommunen vel å stengje den tryggaste skulevegen for ungane, kvifor gjer dei ikkje samstundes tiltak for å sikre den alternative vegen? sa ein tilhøyrar som bur på Judaberg.

Den alternative vegen er ein fylkesveg, og på nytt oppstår problemet med at kommunen ikkje kan gjere tiltak på vegane som fylket har ansvar for. Men langs vegen har kommunen plassert ein brakkerigg som hindrar sikta for bilistar og fotgjengarar på fylkesvegen.

Jonas Jørstad lurte på kvifor fylket ikkje var representert på møtet. Mesteparten av vegane i øyane er trass alt fylkesvegar.

Sissel Marie Bjerga fortalde at me er vant til å vere løysingsorienterte i øyane, og at ho saknar det same i storkommunen.

– Det skal jo vere trygt å vekse opp her sjølv om me berre har fylkesveg, sa ho.

Kommunen betre stilt

Nilsen la til at kommunen har større handlingsrom med midla dei har, og at dei kan velje å omprioritere sine 15 millionar til den staden på kommunale vegar som dei meiner treng det mest.

– Fylket har ikkje same mogelegheita, for der leggjast planane for mange år framover, sa han.

Det var ein diskusjon om skuleskyss, der Tjøstheim Olsen sa at ho meiner at skulevegen er utrygg om barna må gå langs ein veg med 50-grense eller meir.

– Men kvar sak om skuleskyss som fell utanfor 2- og 4-kilometerkriteriet, må behandlast kvar for seg. Det er ikkje alle som får det innvilga, seier ho.

Ulike måtar å melde

I tillegg informerte gjengen frå veg og trafikk om at det var ønskjeleg at vegar som treng små tiltak for å bli litt tryggare, kan meldast frå om til VOF. Den sida finn du på denne lenka. Dette kan handle om hol i asfalt, rekkverk som er øydelagt og anna som kan ordnast raskt.

Det går også an å søkje om mindre tiltak som skilt og fartshumpar som kan gjere kommunale vegar tryggare. Dette kan du gjere sjølv, og då går du på denne lenka.

For ordens skuld: alle dei tre lenkene i denne saka gjeld for alle kommunedelane, inkludert Finnøy og Rennesøy.