– Det har vore mykje arbeid i Rennfast den siste tida, og me har full forståing for at dette kan oppfattast som krevjande for trafikantane i Stavanger-området, seier byggeleiar Tom Sverre Knutsen og prosjektleiar Bjørn I Andersen i Statens vegvesen.

– Då er det viktig å presisere at dette er heilt nødvendig vedlikehald som ikkje kan vente, og me er nøydd til å gjere det no for at me som ansvarleg vegeigar framleis skal kunne tilby trygge tunnelar. Arbeidet gir konsekvensar for trafikantane. Men konsekvensane kan bli større om vi ikkje gjør det, legg dei til.

Og understrekar:

– Me gjer vårt ytste for å minimere ulempene for trafikantane, men ber om forståing for at det kan oppstå noko kø, spesielt på de mest trafikkerte tidspunktene.

Slik blir arbeidet

Arbeidet startar i Byfjordtunnelen mandag 15. april klokka 00.00, og er planlagt å vere ferdig fredag 19. april klokka 05.30.

– Det blir kolonnekøyring døgnet rundt i hele denne perioden. Antalet ledebiler vil vere høgast på dagtid når det er mest trafikk. Det vil si at det ikkje vil bli fastsette tidspunkt for kolonnene, seier dei.

– Arbeidet vi helt konkret skal gjere nå, er asfaltutbedring, utskifting av kummer og reparasjon av drenering, legg Andersen til:

– Det er litt fleire arbeidsoperasjonar som gjør at vi nok holder på lenger enn i Mastrafjordtunnelen men uansett kva som dukkar opp skal vi vere ferdig til fredag morgon kl. 05.30. Skulle alt gå knirkefritt håper me å kunne opne noko før denne gangen også.

Han understrekar at det ikkje er mogleg å gjere dette nødvendige og omfattande arbeidet utan konsekvens for trafikantane.

– Ved ei ordinær måte å gjennomføre dette arbeidet på, måtte me hatt kolonnekøyring i fleire veker nattetid. Etter gode erfaringar med døgnkontinuerleg kolonnekøyring i Mastrafjord nyleg, vidarefører vi denne løysinga nå, for å minimere ulempene spesielt med tanke på de fastbuande på øyane. Ved å jobbe døgnet rundt vil vi kunne jobbe meir effektivt og den totale arbeidstida blir kraftig redusert, seier han.

Byfjordtunnelen er lenger og har meir trafikk enn Mastrafjordtunnelen.

– Erfaringane frå Mastrafjord tar me med oss, og gjer enkelte tilpasninger for å få trafikken til å flyte best mogleg.

Køyrde forbi

Statens vegvesen minner om ansvaret den enkelte sjåfør har for å køyre aktsamt i samsvar med Vegtrafikklovens paragraf 3.

– Me har i all hovudsak gode erfaringar frå ledebilkjøringen i Mastrafjordtunnelen nyleg, men det var nokon tilfelle der sjåførar tok seg friheiter med å køyre forbi ledebilen. Me vil på det sterkaste be om at det ikkje skjer igjen. Dette er uforsvarleg køyring som kan sette både sjåfør, passasjerar og andre trafikantar i fare. Respekter ledebilane og innsatsen sjåførane gjer der for å sørge for trafikksikkerheit og trygg ferdsel for oss alle.

Avslutsningsvis fortel dei kvifor dei er nøydd til å utføre dette arbeidet.

– Dette går rett inn i kjerna av det som er drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet. Eit strengt inspeksjonsregime sørger for at me har oversikt over tilstand og kan sette inn rett tiltak til rett tid. Drift er å halde vegen open i dag, vedlikehald er å sørge for at me klarer det i morgon. Og det er desse arbeida døme på, avsluttar Andersen og Knutsen.