Odin Sivertsen (17) frå Fogn har fiska Noregs største berggylte
Ein sjekk i dei offisielle sportsfiskerekordane viser at fisken til Odin på 2.425 kilo er den største som er registrert i Norge.
- Oddbjørg Måland
Fisken tok han på stong i går, utanfor Judaberg.
– Eg trudde fyrst det var ein stor torsk, men blei svært overraska og heilt i fyr og flamme då eg såg kva fisk det var, seier Odin som er ein ivrig sportsfiskar.
– Fiske og fangst har vore Odin sin store lidenskap heilt sidan han var to år. Han er framleis godt over gjennomsnittet interessert i fisking, fortel ein stolt far, Trond Egil Sivertsen.
For sikkerheitsskuld blei fisken vekt på to forskjellige vekter på to forskjellige stader før den blei registeret.
– 2.425 kilo og 60 centimeter lang, det er noregsrekord, smiler Odin.
– Kva har du gjort med fisken?
– No ligg den i frysen, i tilfellet den skal bli målt og kontrollert på nytt.
Odin går i 10. klasse på Sentralskulen og har nettopp søkt seg til Strand vgs., naturbruk til neste år.
– Målet er å fortsetta på fiske og fangst andre året, fortel Odin.
Registrering av norske sportsfiskerekordar byrja så smått i 1973. Fyrst då bladet Villmarksliv overtok ansvaret for registreringa i 1976, blei rekordlistene etablerte som dei offisielle norske sportsfiskerekordane.
Ifølgje magasinet er den tidlegare noregsrekorden på berggylte, som blei forelda i går, på 2376 gram, og blei av tatt av Harri Kivistø ved Tertnes i Bergen 31. oktober 2011.