Sitkagran har kvasse nåler og legg det meste dødt under seg. Treslaget er innført frå Nord-Amerika og har langs norskekysten fått tilnamnet «pøbelgran».

Tømmerkjøpar Ulrik Junker Dehn i Nortømmer har òg ein heil del positive ting å sei:

– Sitkagrana på Finnøy har gitt stort og flott tømmer og dobbelt så mykje i volum som norsk gran ville gitt. Sitka tåler vind og salt, men den må berre ikkje få spreie seg vilt, seier Dehn.

På øyane i Ryfylkebassenget meiner han beiting og intensivt landbruk er med å halde sitkagrana i sjakk.

Lett og sterkt

Tidlegare i vår hogg Henrik Halleland og ein nabo kring 6000 kubikkmeter tømmer sørvest på Finnøy. I desse dagar ligg kring 2000 kubikkmeter klart for henting langs Spannevegen, nordaust på øya.

Det meste av tømmeret er sitkagran planta på 1950- og 60-talet.

– Mesteparten av tømmeret går med bil til Finnøy gamle havn på Ladstein, der det sendast vidare med båt til Tyskland. Trevirke av sitka er lett samtidig som det er sterkt, og tyskarane brukar det som konstrukjsonsvirke når dei byggjer typisk tre til fire etasjer høge huse i heiltre, seier Dehn.

Grove dimensjonar frå den kring 70 år gamle granskogen kring Spanne. Foto: Sigbjørn Høidalen

Prisen som skogeigaren får er lågare enn for norsk gran, men når produksjonen er dobbelt så høg, er det ikkje tvil om kva som løner seg.

Einaste som funkar

Sidan sitkagran er eit såkalla framand treslag her i landet, må skogeigarane på øyane søke til Statsforvaltaren i Rogaland for å plante ny sitkagran. Lovverket opnar for at det kan plantast sitka der det har vore planta sitka før.

At treslaget veks så grassat godt, gjer òg at det bind mykje karbon frå lufta, som gir pluss i margen i det grøne rekneskapet.

Skogeigar Reidar Roda, som står bak brorparten av tømmeret langs Spannevegen, seier han vil høyre på fagfolk når han avgjer kva han skal plante.

– Sjølv om sitka er bannlyst, så blir det sannsynleg sitka. Det er det einaste som funkar, seier dei, seier Roda.

Eitt alternativ kunne vore beite til mjølkekyrne på garden, fortel han, men skogen ligg litt langt vekk. Etter skoglova har han tre år på seg til å avgjere korleis hogstfeltet skal foryngjast.

Krevjande turterreng

Sitkaens dårlege rykte kjem særleg frå der den har fått spreie seg vilt.

– Sitkagran som veks fritt med stor avstand får grove kvistar som gjer at tømmeret blir mest uråd å handtere, seier tømmerkjøpar Dehn.

– Kva med at der sitkagrana veks med liten avstand, blir det mest uråd å gå tur?

– Etablerte turstiar skal skogeigaren ta omsyn til. Men det er klart at yngre og tett sitkaskog kan vere ei stikkande oppleving, svarar Dehn.

Turstiar i sitkagranskog er mulig, men det krev litt ekstra tilrettelegging, som her i turområdet Teigen. Foto: Sigbjørn Høidalen

Kva marknaden vil verdsetje mest om 60 år, når skogen som plantast i dag er hogstmoden, meiner han det er vanskeleg å svare sikkert på. Akkurat nå er situasjonen gunstig for vaksen sitkaskog som står i terreng der store maskiner kjem lett til.

Stor ryddejobb

Beitedyr på Ryfylkeøyane held sitkagrana i sjakk, men langt frå sjakk matt.

– Me har ein stor jobb med å ta ut sitka frå verneområda og friområda våre. Me ser at det krevjast hardt beite for at den ikkje skal spreie seg, seier naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune.

– Lauvskog gir eit heilt anna biomangfald, så me ønskjer meir lauvskog, men skogeigarane må drive som dei vil, legg han til.

Prisen for ein kubikkmeter skurtømmer sitkagran er for tida kring 500 kroner, som er det høgaste relativt sett på fleire tiår. Skogeigaren sit typisk att med kring halvparten når driftsutgiftene er betalt.