Såg havørn snappe to kull med grågåsungar
Torsdag morgon fekk Øyvind Nesheim oppleve eit naturdrama på Rennesøy.
Øyvind Nesheim driv firmaet Rogaland Fiskeri og Vilttjenester AS og er jamt på ulike oppdrag i øyane. Grytidleg torsdag morgon var han på tur til Rennesøy og fekk sjå eit drama utspele seg på sjøen utanfor øya.
– Det var 14 havørner som samarbeidde om å ta to gåsekull, fortel Nesheim.
Øyposten møter Nesheim i samband med ei anna sak då me får høyre den spesielle historia frå tidlegare på dagen.
Blei trøytta ut
– Ørnene kom inn på rekke og angreip gåsungane nede på vassoverflata. Då ei ørn hadde angripe, flaug den opp og stilte seg bakerst i køen. Ørnene flaug i sirkel og kom med eit nytt angrep for kvart andre til tredje sekund.
Foreldra prøvde å forsvare ungane, og ungane dukka så godt dei kunne, men det heldt berre ei stund.
– Ørnene trøytta dei ut. Dei hadde kanskje 20 mislykka angrep før dei fekk tak i den første ungen, men då snappa dei raskt alle utanom ein, seier Nesheim.
I dei to gåsekulla var det til saman ni ungar, men altså berre ein tilbake etter at ørnene var ferdige.
Aukande bestand
– Talet på havørn i Ryfylkebassenget har auka dei siste åra, men å sjå 14 stykker saman er sjeldan. Dette var unge havørner som ennå ikkje har etablert seg i par, seier Nesheim.
Talet på grågås har òg auka markant dei siste åra. Fuglane har blitt eit problem for mange bønder sidan dei et og skitnar til mykje gras. Dramaet på Rennesøy viser at havørna er med å halde grågåsa i sjakk.
– Når ørnene først har funne ein slik jaktmetode, så trur eg dei kjem til å halde fram med den, seier Nesheim.