Ungdomsklubben: Oppussingsarbeidet nærmar seg slutten
Dei nye lokala til ungdomsklubben er i ferd med å ta form, og club-crewet planlegg opning, sommarfest og fleire andre spennande arrangement.
- Oddbjørg Måland
Det gamle NAV-bygget på Judaberg er bygd om innvendig og står fram svært funksjonelt og moderne. Her har ungdommane fått alt dei ønskjer seg. Flott nytt kjøkken med romsleg spiseplass, gaming-rom, lekserom/karaokerom, kunst – og handverksrom, stillerom/leserom, kontor/samtalerom, stove, og dessutan toalett og garderobe.
Klart i juli
Enn så lenge har ungdommane bidratt lite i arbeidet, men det skuldast at det som har blitt gjort hittill har kravd fagfolk. Tanken er at dei skal trø til og ta ansvar for dei enklare tinga, slik som måling.
– Målet er at huset skal vera innflyttingsklart til første veka i juli. Ungdomsklubben skal vera base for Fiks ferdige ferie som vert arrangert frå 3 – 7. juli. Også Sommarbonanza som går av stabelen i veke 32 skal ha eit av arrangementa i klubbhuset, fortel leiar i klubben, Santiago David Arellano.
Også utvendig skal det skje ting. Blant anna kjem det sitteplassar, blomsterkassar, dyrkeområde, sykkelparkering og ikkje minst ein båt som skal ligga rett utanfor Etter kvart skal dei store gjenvinningskonteinarane utanfor flyttast vekk frå området. Belysning rundt bygget er allereie på plass.
Vil utvida bruken av klubblokala
Santiago har mange framtidige planar for klubben. Ein tanke er å samarbeida med ulike ungdomsorganisasjonar i kommunen og såleis få til meir aktivitet i klubbhuset. Han ønskjer at lokala skal brukast av ungdommar generelt, ikkje berre dei som med i ungdomsklubben. Både på dag – og kveldstid.
– Kontoret mitt er her inne, det betyr at eg er her kvar dag og då kan det like gjerne vera aktivitet på huset.
Til hausten skal klubben utvida opningstidene. Ungdommar på 8.–10. trinn har klubbdagar tysdag og onsdag frå klokka 14.30 til 18.30, medan 5.–7. trinn har klubbdag torsdag mellom klokka 14.30 og 17.30.