Vil vita meir om prislappen på oppgradering av Vikevåg
Det blei inga avklaring om opprusting av Vikevåg, då saka for første gong kom, på Stavanger-politikarane sitt bord onsdag. Saka blei utsett, og administrasjonen blir bedt om å sjå nærare på kva planane vil kosta.
STAVANGER: Kommunedirektøren hadde innstilt på alternativ A, dvs. opprusting av meieriet, uteområdet og bygget kor Coop’en held til. Men politikarane i utvalet for miljø og utbygging valde i staden å utsetja saka, etter forslag frå Rune Askeland (mdg) og resten av fleirtalspartia.
-Me må vakta oss for ikkje å bruka meir pengar enn me treng på kommunal funksjonar, sa Askeland mellom anna. Han viste også til at kostnadane for dei ulike alternativa spriker frå 176 millionar kroner (alternativ B med nybygg på kaien) til 130 millionar kroner (alternativ A og C).
Ikkje kostnadsrekna
Askeland ville også forsikra seg om at salg av kommunehus-tomta til bustadbygging og kommunalt tilskot var nok til å realisera planane.
Mindretalet, Frp, Høyre og Venstre ville vedta forslaget frå kommunedelsutvalet om ein kombinasjon av alternativ A og B, men Askeland innvendte at dette forslaget ikkje var kostnadsrekna i det heile.
Også Høyres Ingebjørg Folgerød støtta ei utsetjing av saka, og foreslo også ei befaring i Vikevåg.
Leif Arne Moi Nilsen hadde ingen forståelse for at saka skulle bli utsett, og viste til intensjonsavtalen mellom Stavanger, Rennesøy og Finnøy, kor nybygg er eit sentralt element.
-På overlæret
Moi Nilsen viste også til at det er stor utålmodighet i Rennesøy når det gjeld kva som skal skje i Vikevåg.
-Dette går heilt på overlæret, meiner Frp-politikaren.
Både vedtaket i kommunedelsutvalet, og forslaget frå fleirtalspartia er oversendt kommunedirektøren. I forslaget frå fleirtalet blir det bedt om ei «grov verdivurdering» av dei kommunale tomtene og eigedommane som skal vera hovedfinansieringa i opprustinga i Vikevåg.
Det blir vidare bedt om ei grundig vurdering av plasseringa av tannlegeklinikken, samt muligheter for kostnadsbesparande tiltak i dei tre framlagde alternativa. Det blir også bedt om at administrasjonen reknar på prislappen på vedtaket i Rennesøy kommunedelsutval.