Annanleis julegudsteneste på Utsyn julaftan
Tradisjonen tru blir det julemøte på Utsyn også i år. Det er seks år sidan Talgje NLM arrangerte eit alternativ til den tradisjonelle julegudstenesta i kyrkjene.
- Oddbjørg Måland
Leiar i Misjonsforsamlingen Lars Vårdal seier til Øyposten at interessa for julemøte er framleis stor og at tala på frammøtte er stigande. På grunn av pandemien i fjor vart julemøte avlyst, og året før var det påmelding med maks 50 deltakarar.
– Det er mange som er begeistra for muligheten til ein annleis julegudsteneste.
Lausare i stilen
Bortsett frå namnet har julegudstenesta og julemøte mykje til felles.
– Julemøta er meir som eit vanleg møte på bedehuset, utan den kyrkjelege liturgien. Me er som sagt eit alternativ til julegudstenesta, men ikkje ein konkurrent. Julemøte er open for alle og alle hjarteleg velkomne. Det går fint an å få med begge stader, fyrst julemøte på Utsyn og deretter julegudsteneste i kyrkja.
Det er er Teje Eggebø frå Sandnes som skal tala og Margrete Foldøy syng. Eggebø har sitte i hovudstyret i NLM i mange år.
Julemøtet er i regi av Talgje, Finnøy og Rennesøy NLM.