Fredag klokka 22.56 la Fjord1 ut denne meldinga om ferjeruta Arsvågen – Mortavika:

«Grunnet værforholdene blir sambandet lagt om til Arsvågen – Hanasand i natt og i sannsynligvis store deler av morgendagen. Siste avgang fra Mortavika blir kl. 01:00»

I skrivande stund laurdag klokka 10.30 er det ikkje lagt ut kontramelding.

Ferjeruta Arsvågen – Mortavika tek trafikken på E39 over Boknafjorden mellom Rennesøy og Haugalandet. Reserveferjeleiet på Hanasand ligg meir i le enn Mortavika og tek over trafikken når det er sterk vestavind og høge bølger. Hanasand blei bruka onsdag denne veka og nå igjen laurdag.

Norled har ikkje lagt ut melding om endringar for ferjer og hurtigbåtar i Ryfylkebassenget laurdag. Fredag kveld la dei først ut melding om at Ryfylkeferjen ville bli innstilt laurdag, men meldinga blei kort tid etter oppheva.

Ifølgje værvarsel for Mortavika skal vinden auke frå nordvestleg liten kuling midt på dagen laurdag til nordvestleg sterk kuling laurdag kveld. Natt til søndag skal vinden minke litt igjen.

Værvarsel for Mortavika dei neste timane laurdag 14. oktober. Foto: Yr.no

Kart som viser reserveferjekaien på Hanasand: