Ber om å få bygge fem hus på denne tomta
Eigedomsutviklar Erlend Eggebø la fram 20 års lidingshistorie for å få til bustadbygging på Reilstad.
Torsdag heldt eigedomsutviklar Erlend Eggebø ein presentasjon i utval for by- og samfunnsutvikling. Han klagar på kravet om at det må byggjast ein gang- og sykkelveg frå Reilstad til Judaberg før det kan byggjast eit einaste nytt hus på Reilstad.
– Me har opplevd politisk vingling, uforutsigbarheit og brotne løfter i snart 20 år, sa Eggebø.
Hindrar all utvikling
Første førespurnad om å byggje einebustader på Reilstad kom i år 2000. I 2015 blei det laga ein detaljreguleringsplan der det kom inn eit rekkefølgekrav om gang- og sykkelveg først, så bustadbygging. Seinare har finansiering av ein sykkelveg frå Nådå til Reilstad foke ut i det blå.
– Rekkefølgekravet hindrar all utvikling på Reilstad, sa Eggebø.
Han har bede om dispensasjon til å byggje fem einebustader før sykkelveg er på plass. Før sommaren ga kommunen avslag, og det er dette avslaget Eggebø klagar på. Byutvalet høyrde torsdag på Eggebø, før dei i neste møte 21. september tek stilling til klaga. Held dei fast på sitt nei, går saka vidare til Statsforvaltaren.
Kjenner seg prioritert ned
Vegen frå Reilstad til Nådå er ein fylkesveg, som vil sei at nøkkelen for gang- og sykkelveg ligg hos fylkeskommunen. Utvalsleiar Frode Myrhol (Folkets Parti) sit òg i fylkestinget, og han kom med dette hjartesukket etter presentasjonen frå Eggebø:
– Fylket nedprioriterer Stavanger. Dei har bestemt seg for å ikkje bruke pengar på vegar i Stavanger, sa Myrhol.
Kart som viser den byggeklare tomta på Reilstad:
Kommunedirektøren skriv dette om kvifor ho meiner politikarane bør sei nei til dispensasjon:
«Selv om fem nye boliger ikke er så mye, vil det uten tvil føre til økt trafikk og ytterligere trafikkfare. Ved å gi dispensasjon vil en også kunne skape presedens for ytterligere boligbygging, og stykkevis utbygging innenfor planen vil vanskeliggjøre realisering av rekkefølgekravet.»
Målet med rekkefølgekravet er å sikre ressursar til ein kring 900 meter lang gang- og sykkelveg, går det fram.
Parallell på Fogn
Lidingshistoria for gang- og sykkelveg mellom Judaberg via Reilstad til Ladstein var òg tema under det politiske debattmøtet på Finnøy innbyggartorg torsdag.
– Denne sykkelvegen har tatt altfor lang tid. Det er på grensa til flaut, sa Henrik Halleland, tidlegare Finnøy-ordførar og ordførarkandidat for KrF.
Under debattmøtet kom det fram ei tilsvarande sak på Fogn. Rekkefølgekrav om sykkelveg har stoppa all utvikling i bustadfeltet Holmastø, sa eigedomsutviklar og tilhøyrar Stephan Dickinson:
– Er det nokon som vil hjelpe oss? spurde han politikarane.
Kart som viser Holmastø: