Påtroppande varaordførar: – Ideen om badeland er langt frå lagt vekk

Henrik Halleland (KrF) vil jobbe for å få til utvikling på Judaberg og Vikevåg.

Gruppeleiar Henrik Halleland i KrF blir varaordførar når det nye kommunestyret i Stavanger skal konstituere seg måndag 23. oktober.
Publisert: Publisert:

Torsdag blei det kjent at Henrik Halleland frå Finnøy er peika ut som ny varaordførar i Stavanger. Sissel Knutsen Hegdal frå Høgre blir ordførar.

– Korleis blir det med badeland på Judaberg, Halleland?

– Ideen er langt frå lagt vekk. Eg har ei spennande sak som kjem, men eg kan ikkje sei meir om det enno, seier Halleland.

Mindre tid til sau

Som varaordførar blir finnøybuen heiltidspolitikar, som betyr at han får mindre tid til å drive med sau heime på Søre Vignes.

– Eg har ei dotter som har flytta heim, og ho har ein mann som er interessert, så eg reknar med at dei vil bidra meir i gardsdrifta, seier Halleland.

Han har i dag 150 vinterfôra sauer som tilleggsnæring til politiske verv i opposisjon.

Som varaordførar får han blant anna sete i formannskapet og kommunalutvalet.

Når KrF fekk varaordføraren, får Frp ein del andre verv, sidan dei trass alt er dobbelt så store som KrF. Frp får tre plassar i formannskapet pluss leiaren i både utval for byutvikling og utval for utbygging, går det fram. Her er det venta at rennesøybu Tor Bernhard Harestad (Frp) vil gjere seg gjeldande. Den endelege fordelinga av verv vil bli avklara i løpet av dei nærmaste dagane.

Heile kommunen

Om konkret politikk som innbyggarane i Stavanger vil merke, seier Henrik Halleland dette:

– Me kjem til å fjerne eigedomsskatten, og det vil sannsynleg gå fortare enn fire år:

– Me kjem til å innføre eit fritidskort, der alle med barn mellom 6 og 18 år vil får 2000 kroner for kvart barn til fritidsaktivitetar. Gratis SFO vil bli behovsprøvd, og kvar einskild skule skal få bestemme om dei vil ha gratis skulemat eller heller bruke pengane på andre ting, legg Halleland til.

Familiar med samla inntekt på under 1 million kroner og eineforsørgarar med inntekt under 750.000 kroner skal få gratis SFO på alle trinn, går det fram.

Ordninga med gratis kollektivtransport forsvinn seinast når 2023 er ute, men det nye fleirtalet lovar gode rabattordningar

Halleland er elles tydeleg på at Stavanger må utvikle heile kommunen og ikkje berre byen.

– Me må ha med Judaberg og Vikevåg, det blir veldig viktig. Kommunen må òg bidra for å få til fleire gang- og sykkelvegar i øyane, til dømes frå Nådå til Leikvoll og frå Nådå til Reilstad, seier Halleland.

Publisert: