RENNESØY: -Etter forholda ser eg ganske lyst på situasjonen framover, i alle fall fram til sommaren, seier gartnar Stig Jakob Hanasand til Øyposten .

-Me har fått betre kontroll på utgiftsida, sjølv om den store usikkerheten fortsatt er kva straumen vil kosta. Det er blir også spennande korleis salget av tomatar kjem til å gå, legg han til.

Færre tome drivhus

Hanasand har sådd 450.000 tomatplanter, og vel halvparten av dei skal ut til rundt 20 tomatgartnarar i Ryfylke, på Jæren og Østlandet. 180.000 planter skal han ha sjølv.

-Det ser ut til at det blir litt færre tome drivhus i år. Det er gledeleg, seier Hanasand.

Hanasand Gartneri har som så mange andre gartnarar investert i propan til oppvarming, og har i løpet av halvtanna år også investert 18 millionar kroner i ledlys for å spara straum.

Gartnarane får straumstøtte fram til første juli, men kva som skjer etter det er usikkert.

-Sjølv om me får straumstøtte har det vore krevjande å halda så mykje kapital som trengst. For me får oppgjer kvartalsvis. Dei utgiftene eg har i januar, februar og mars, får eg først støtte til i månadsskifte mai-juni, påpeikar Rennesøy-gartnaren.

Håpar på vinterproduksjon igjen

I vinter var det første gang på lenge det ikkje var heilårsproduksjon i dei større gartneria i området. Dermed er det ikkje norske tomatar å få kjøpt i butikkane. Heller ikkje hos Stig Jakob Hanasand er det tomatproduksjon nå, men komande vinter kan det bli produksjon i gartneriet igjen.

-Viss rammebetingane er på plass, trur eg me kjem til å ha heilårsproduksjon. Det trur eg også fleire av dei store gartneria vil, seier han.

Ei anna endring er at gartnarane har måtta ta hensyn til at folk har mindre pengar mellom hendene. Både straum, drivstoff og mat har gått opp i pris.

-Me kjem til å produsera meir av standard runde tomater, og mindre av spesialtomater som kostar meir, slik som perletomat, juanitia og romanse, opplyser Hanasand, som reknar med å produsera dei første tomatane i løpet av mars.