15 000 medlemer i Mållaget for andre år på rad
– No skal vi ha meir nynorskgjennomslag! 15 000 medlemer gjev oss politisk tyngde når vi kjempar nynorsken og nynorskbrukarane si sak, seier ein entusiastisk leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
NYNORSK: – No skal vi ha meir nynorskgjennomslag! 15 000 medlemer gjev oss politisk tyngde når vi kjempar nynorsken og nynorskbrukarane si sak, seier ein entusiastisk leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.
Reisande på Nationaltheatret, Jernbanetorget og Byporten i Oslo har frå morgontimane av i dag kunna sett ein jublande mållagsleiar som skryt over medlemstalet på store digitale skjermar.
– Medlemsveksten dei siste åra har vore heilt ellevill og vel verd å markere. Difor breier vi oss i hovudstaden i dag og tar akkurat den plassen i bybiletet som nynorsken bør ha, både i Oslo og elles i landet, seier Peder Lofnes Hauge.
– Folk møter altfor lite nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar, og eit stort Noregs Mållag er den beste garantien for meir nynorsk i samfunnet.
Ei moderne og offensiv folkerørsle
Dei nye medlemene i Mållaget kjem til frå heile landet, men særleg i og rundt dei store byane. Mållagsleiaren meiner veksten reflekterer eit stemningsskifte i folket. Med 5000 fleire medlemer enn for ti år sidan, har Mållaget det høgste medlemstalet sidan midt på 80-talet.
– Det blæs ein nynorskvenleg vind i dei store byane, det er kult å bli med i mållaget, og nynorsken styrkjer seg i kjerneområda. I språkblanda område er nynorsken likevel under stort press. Med eit stadig større Mållag og eit aukande engasjement for nynorsk skal vi styrkje nynorsken også i desse områda.