Mastrafjordtunnelen er stengt om natta denne veka, men bilar får sleppe gjennom med ledebil. Foto: Sigbjørn Høidalen

Ifølgje byggeleiar i Statens vegvesen, Espen Skjærbekk, skal det etablerast køyrefeltsignal i både Mastrafjord- og Byfjordtunnelen.

– Dette er no bolting og montering av rammer til de tekniske installasjonar som skal kunne hjelpe til ved stans oppover på tofeltsvegen, seier Skjærbekk til Øyposten.

– Slik kan me lysregulere trafikken til det midtarste feltet i staden for å stengje tunnelen når køyretøy får stans på veg opp frå botnen. Samtidig skifter me ut boltar på kabelbro i Mastrafjordtunnelen.

Statens vegvesen legg til i trafikkmeldinga at kolonnene tilpassast bussruter, og at utrykkingskøyretøy får passere.

– Ein må rekne om lag 20 minuttar venting, skriv dei vidare.