Varslar arbeid i Mastrafjordtunnelen

Statens vegvesen varslar på sine nettsider at det er manuell dirigering mellom klokka 22 og 06, kvar dag mellom 4. og 10. desember.

Mastrafjordtunnelen er stengt om natta denne veka, men bilar får sleppe gjennom med ledebil.
Publisert:

Ifølgje byggeleiar i Statens vegvesen, Espen Skjærbekk, skal det etablerast køyrefeltsignal i både Mastrafjord- og Byfjordtunnelen.

– Dette er no bolting og montering av rammer til de tekniske installasjonar som skal kunne hjelpe til ved stans oppover på tofeltsvegen, seier Skjærbekk til Øyposten.

– Slik kan me lysregulere trafikken til det midtarste feltet i staden for å stengje tunnelen når køyretøy får stans på veg opp frå botnen. Samtidig skifter me ut boltar på kabelbro i Mastrafjordtunnelen.

Statens vegvesen legg til i trafikkmeldinga at kolonnene tilpassast bussruter, og at utrykkingskøyretøy får passere.

– Ein må rekne om lag 20 minuttar venting, skriv dei vidare.

Publisert: