På Lauvsnesvatnet oppgir kommunen at isen er 20 centimeter tjukk. Kommunens krav til sikker is er minimum 13 centimeter.

Jeremiah Alstveit løfter Anna Victoria Alstveit på Lauvsnesvatnet tysdag. Foto: Elisabeth Alstveit

Seinast torsdag sist veke meldte kommunen om open råk og alt for tynn is på Lauvsnesvatnet, så tilfrysinga har skjedd raskt.

Torsdag 11. januar har Finnøy skule planlagt skøytedag på Lauvsnesvatnet, har Øyposten høyrt nyss om.

På Vikestemmen og Dalestemmen på Rennesøy er isen høvesvis 18 og 14,5 centimeter tjukk. På desse to vatna er isen litt ruglete, opplyser kommunen på nettet.

Kor langt tidsvindauget for skøyting blir denne gongen, er ikkje så godt å seie. Fram til fredag ser det rimeleg greitt ut, men så kan det kome mildvær og regn, ifølgje varselet.

Værvarsel for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no