Rysta over kostnadseksplosjonen på sjukeheimen

Den voldsomme kostnadsauken på nybygget til sjukeheimen rystar det politiske miljøet i Stavanger. Sjølv kommunedirektøren innrømmer at han «aldri har vorte meir i tvil» om eit prosjekt enn dette.

Rune Askeland (mdg) til venstre og kommunedirektør Leidulf Skjørestad under debatten om sjukeheimen på Finnøy onsdag.|Utvalet for miljø og utbygging under behandlinga av saka.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

Det er nå duka for ein ny runde i formannskapet om utbygginga av sjukeheimen på Finnøy rett etter vinterferien. Kommunedirektøren blir nå bedt om å "snu kvar stein" på jakt etter kor kjostnader kan kuttast.,

I vedtaket som blei gjort i utvalget for miljø og utbygging onsdag heiter det at utvalet "ser med bekymring på de økte kostnadene i prosjektet, og ber derfor kommunedirektøren fremlegge et notat frem mot formannskapsmøtet som viser de økonomiske besparelsene ved å endre entreprisemodell for prosjektet, samt hvilke konsekvenser dette kan medføre for fremdriften".

Kommunedirektør Leidulf Skjørestad sa under møtet at han aldri før hadde vore så sterkt i tvil om han skulle tilrå å gå vidare med byggeprosjektet.

-Me må erkjenna at opplegget med å dela opp entreprisane ikkje har fungert etter hensikten, slo Skjørestad fast.

 Utvalet for miljø og utbygging under behandlinga av saka.

Oppdraget med å bygga tilbygget til sjukeheimen blei delt opp i 15 enkeltoppdrag, for å gjera det enklare for lokale firma åp delta. Men bare tre la inn anbud, og bare eit fekk napp. Prislappen på nybygget er nå komen opp i 251 millionar kroner, mens politikarane for to år sidan vedtok ei utbygging som skulle kosta 120 millionar kroner.

-Det er 105 prosent prisauke på to år og fire månader, det er ein prisauke som nesten ikkje er til å tru, det er ille, slo Høyres Ingebjørg Folgerø fast, mens Leif Arne Moi Nilsen (frp) meinte prislappen nå var "dyrare enn ei suite på Atlantic".

Kommunedirekltøren opplyste at viss utlysinga av prosjektet skulle avlysast, og oppdraget omarbeidast til ein "moderert entreprise", kan det bety rundt eit halvt års forseinking.

-Det er vanskeleg å seia kva dette vil bety for kostnadane med prosjektet, men det er ei relevant problemstilling, meinte han.

Publisert: