10 klassingane Bård Erik Astad(f.v), Anton Rørheim, Benjamin Rolfsen og Angelika Romaniszyn veit ikkje om dei har nok kunnskap til å rette studieval på.

FINNØY:

1.mars er fristen for å søka vidaregåande opplæring.,

Pandemien har forhindra fleire planlagde informasjonsarrangement slik som yrkesmesser og skulebesøk. I fylgje ein rapport frå Samfunnsøkonisk Analyse opplyser 68 prosent at dei blir frustrerte når dei opplever å ha mangelfull kunnskap om yrke-og arbeidsliv.

Også den årlege seremonien med utdeling av svennebrev har vore avlyst to år på red. Denne er normalt med på å setta yrkesfag på dagsorden.

Øyposten har snakka med fire avgangselevar på Sentralskulen, og alle kjenner seg igjen i rapporten. Dei skulle gjerne hatt meir informasjon om alle moglegheitene som finns når dei no skal søka seg vidare på skule og utdanning.

Bård Erik Astad

- Eg har «seifa» inn med studiespesialisering på St. Svithun som fyrste val. Eigentleg er eg ganske gira på naturbruk, blå linje på Strand, men eg veit ikkje nok om faget til at tør søka. Hadde eg hatt god nok kunnskap, er det ikkje sikkert det hadde blitt Svithun. Ein periode tenkte eg på heismontør, mest fordi det er kort utdanning og god lønn, men der er eg ikkje lenger. Uansett kan eg aldri gå feil med studiespes, hardt arbeid lønner seg til slutt, fortel Bård Erik Astad.

Angelika  Romaniszyn

er skulelei. Ho ser ikkje føre seg mange år med knallharde studiar, men ynskjer seg ein god og sikker utdanning kor ho slepp å bekymra seg for framtida.,

- Aller helst ville eg på Skuleskipet Gann, men har ikkje karakterar til å komma inn. Det er veldig mange som vil på Gann, difor er snittet høgt, mellom 4.5 og 5. Sjølv ligg eg på 4, men det er akkurat ikkje høgt nok. Eg har søkt TIP på Strand, det gir utruleg mange moglegheiter, spesielt med kryssløp som gjer at du kan «kryssa» frå eit utdanningsprogram til eit anna.

Kanskje blir det skipselektro, det tykkjer eg høyres spennande ut, fortel Angelika.

Benjamin Rolfsen

skulle likt å gått på Racing school i England. Ein skule der undervisninga i all hovudsak dreier seg om motorsport og kor fleire av verdas beste F1 køyrarar har lagt grunnlaget.,

- Men det blir TIP på Strand i staden, smiler Benjamin.

Mekanikar eller sveisar, er alternativet, og med mål om å starta eigen bedrift til slutt.

- Eg veit ikkje om eg hadde vald annleis om eg hadde hatt betre grunnlag å basera valet på, sjølv om eg skulle likt å vore betre førebudd. Men så tenker eg at mekanikar eller -sveisaryrket er trygt, det vil alltid vera behov for slike jobbar. Løn er ikkje avgjerande for valet mitt, men heller at yrket skal vera attraktivt også i framtida.

Anton Rørheim

skal også på TIP på Strand.,

- 120 alternativ med alle moglegheiter og kombinasjonar, det bør gå an å finna eit interessant utdanningsløp, fortel Anton, som deler kompissane si bekymring for mangelfull informasjon til å ta eit så viktig val.

- Eg kjenner også litt på at all heimeundevisninga har sett meg tilbake, at eg ikkje har all den kunnskapen me skulle hatt ved slutten grunnskulen. Heldigvis er situasjonen lik for alle 10.klassingane over heile landet.

- Har du engasjert foreldra dine i søkeprosessen?

- Eg er happy med valet eg har teke, og då er foreldra også det, smiler Anton.