Hesby-kyrkja blir truleg stengd i halvtanna år

Den omfattande oppussinga av Hesby-kyrkja gjer at kyrkja kan bli stengd i opptil halvtanna år frå neste år av. Gammal plastmaling og sement skal fjernast både utvending og innvendig i kyrkja.

Publisert: Publisert:
-Mykje fuktighet i murane, slår Roger Gausland i murarfirmaet Garpestad og Gausland fast etter å ha sjekka tilstanden i murane i koret innvendig i kyrkja.|

FINNØY:

Oppussinga av Hesby-kyrkja blir meir omfattande enn først tenkt. Nå skal all maling og sement fjernast både utvending og innvendig, før kyrkja blir fuga med kalkmørtel og kivitkalka igjen.,

Det betyr mellom anna at oppussinga vil pågå kanskje så lenge som i fire år til, til 2026.

-Det byr også at kyrkja kan bli stengt i halvtanna år i 2023-2024. Årsaken er at når kyrkjerommet skal oppussast, så må inventaret ut. Dessutan må det monterast stillaser, opplyser byggeleiar for prosjektet, Bengt Frantzen i Head Energy til Øyposten.

Hesby-kyrkja er delvis innpakka for tida, både innvendig og utvendig. Akkurat nå pågår arbeidet med å fjerna gammal maling og sement i koret i kyrkja, og åpninga til skipet er hermetisk lukka med bygningsplater og fugeskum for å hindra at støv frå arbeidet legg seg over alt i den gamle kyrkja.

I slutten av mars vil ho bli åpna for bruk igjen, men då vil koret framstå utan maling. Det er nødvendig for at murane skal få tørka ut.

Det er nemleg mykje fuktighet i murane, viser målingar.

-Den gamle malinga er som å kle henne i ein regnfrakk både uvendig og innvendig. Fuktigheten slepp ikkje ut, seier Roger Gausland i murarfirmaet Garpestad og Gausland til Øyposten.

Det møysommelege arbeidet med å fjerna malinga foregår med hammar og meisel. Elektrisk verktøy er ikkje lov å bruka på grunn av faren for å skada murane.

Glasmaleria i kyrkja skulle vore fjerna for over ei veke sidan, men er utsett til første veka i februar på grunn av korona.