Snorre Solheim Sokn frå Mosterøy på talarstolen i kommunestyret i Stavanger ved ein tidlegare anledning. Mandag møter han for å stemma for å bevara bossplassen på Rennesøy.|

RENNESØY:

Rødt-politikar Snorre Solheim Sokn frå Mosterøy vil med sin stemme at gjenvinningsstasjonen på Hausken Rennesøy skal bestå.

Tilbodet ved Hausken gjenvinningsstasjon på Rennesøy kan bli redda. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

– Ja, eg vil stemma for, seier Solheim Sokn til Øyposten.

– Kva er bakgrunnen for dette?

– Ifølge den intensjonsavtalen som blei signert før me blei ein del av nye Stavanger kommune, var det slik at innbyggarane i dei gamle kommuane skulle ha likt tenestetilbud som andre, og i alle fall ikkje verre. Det er dumt å fjerne tilbodet, og det er stikk i strid med det som blei lova.

Vedtaket skal opp til behandling i kommunestyret klokka 14 i dag, mandag.