Andrei Akselrod vaks opp i Kyiv og kom til Norge i 2003. Nå bur han på Finnøy, og er djupt prega av det som skjer i fødelandets hans. Her saman med Arvid Bjerga.

Av Oddbjørg M. Måland,

FINNØY:

- Folk frå Ukraina og Russland er på mange måtar eitt, dei bur om kvarandre i begge landa. Mange i Ukraina snakka russisk i staden for sitt eige morsmål, me ser på kvarandre som broderfolk. Dette  forandra seg rett nok litt etter annekteringa av Krim i 2014, men det var likevel heilt utenkeleg at det kunne skje det som no har skjedd. Krig mellom nabofolk? Mot eit folk som ikkje vil ha krig? Det er totalt meiningslaust, fortel Andrei.,

Manipulasjon

Som 14 åring flytte Andrei til Israel, og budde der til han kom til Norge for 19 år sidan. Sjølv om han i dag er etablert på Finnøy med eigen familie og jobb, er han i utgangspunktet ukrainsk. Begge foreldra hans er frå Ukraina, og han har ei halvsyster og fleire slektningar som framleis bur i hovudstaden.

- Det er vondt å oppleva det som no som skjer. Korleis ein «galen» mann får styra heile Europa. Korleis han undertrykker folket sitt, hjernevaskar dei og lyg.

Eg ser både på russiske og ukrainske fjernsynskanalar, og det er som dei rapporterer frå to forskjellige krigar. Russiske kanalar er rein propaganda og nemner ikkje at russiske soldatar er drepne, medan ukrainske mediar melder at så langt er rundt 5500 russiske soldatar drepne av ukrainske styrker, og nokre hundre soldatar er tekne til fangar. Det er tris å sjå korleis Putin manipulerer folket sitt. For nokre dagar sidan, medan ei stor gruppe unge soldatar var på øving i Kviterussland og Krim, blei dei utan vidare fråtekne mobiltelefonar og sendt av garde med beskjed om at dei skulle til Ukraina for å frigjera broderfolket frå NATO og nazistane. Dei ville bli møtt med blomar!

Kunnskapsrik

,-

Kvifor gjer Russland det?

- Putin og Lavrov har sagt at russiske styrker ikkje skal angripa Ukraina. Med ved å bruka denne feige metoden håpar dei å unngå at det blir snakka om. Mange russarar vil ikkje ha krig, og har vist motstand. Spesielt tydelege er mødre-organisasjonen som oppstod under krigen på Krim. Det var utruleg mange unge russiske menn som mista livet i ein annan meiningslaus krig.

Arvid Bjerga frå Finnøy har budd og jobba i Kyiv i rundt seks år. Han byrja med eit månadsengasjement  som sjåfør i Jewish Agency i 1997. Seinare danna han si ei eiga stifting. Han snakkar godt russisk og har studert russisk historie. Gjennom tida i Ukraina blei han knyta til det ukrainske folket, og fekk mange vener og kjente.

Arvid er svært kunnskapsrik og kan mykje om russisk/ukrainsk historie og politikk. Han har eit stort engasjement for Ukraina og legg ned mykje tid og ressursar for å hjelpa folket. Under intervjuet ringer telefonen stadig vekk, og Arvid svarar på flytande russisk.

Tilbake til Sovjetunionen

- Det er framleis vel 200 000 ukrainarar som har delvis jødisk bakgrunn. På 90-talet var det mange born som levde på gata, nokre av dei med jødiske røter. Eg som kjende Israel godt, meinte at borna som har jødisk opphav, ville ha ei betre framtid i Israel. Difor dreiv eg ei stifting med føremål om å finna prov på etnisitet og kobla borna til programmer vårt. Det var gjennom denne jobben eg fekk kontakt med Andrei, seier Arvid.

,-

Kan du kort forklara bakgrunnen for konflikten?

- Mange trur krigen har med Nato- og EU-medlemskap å gjera, men etter dei seinaste utsegnene frå Putin, trur eg ikkje det lenger. Eg trur han har ein idè, og den har han hatt så lenge han vore leiar, om å gjeninnføra det russiske imperiet, slik det var for 100 år sidan. Han meiner også at aust-europeiske område frå 1945 tilhøyrer Russlands interessesfære, og vil såleis ikkje ha innblanding frå Vesten.

Eit sterkare Ukraina

Den veldige russifiseringa  byrja under det russiske imperiet og fortsette under Sovjetunionen. Putin har uttala at den største geopolitiske katastrofen var då Sovjetuionen gjekk i oppløysing i 1991. Det er dette han vil tilbake til nå. Slik eg ser det vil han leggja heile Aust Europa under seg og ha full kontroll.

,-

Kva skjer framover, trur du?

- Putin sitt angrep på Krim i 2014 har foreina det ukrainske folket. Dette har forsterka seg ytterlegare i denne krigen, ikkje minst på grunn av president Zelenskyj som står brask og bram med folket. Når Ukraina kjem seg gjennom dette åtaket, vil landet vera sterkare enn nokon gong, og endå meir klar for integrering med vesten, avsluttar Arvid Bjerga.

  • Slava Ukraini!, seier Andrei

  • Geroijam Slava! svarar Arvid.

  • Ære til Ukraina!

  • Heltene æres!