Kristian Spanne er glad for lat kommunen går inn med ekstra kapital i Finnøy biogass.

Av Rune Nedrebø,

FINNØY: -Dette er ei svært gledeleg melding for oss, seier styreleiar i Finnøy Biogass, Kristian Spanne til Øyposten.

Ifølge Spanne har det nå lukkast å stabla på beina over 18 millionar kroner i aksjekapital til det planlagde biogassanlegget på Finnøy. I tillegg blei det fredag sendt søknad til Enova om 25 millionar kroner i tilskot til anlegget.

- Nå er eg for alvor optimist med tanke på realisering av prosjektet. Får me ja frå Enova, noko eg har god tru på, kan det bli byggestart til hausten. Då kan anlegget vera oppe og stå til årsskiftet, seier Kristian Spanne vidare.

Anlegget på Finnøy har ein total prislapp på 59 millionar kroner, og skal produsera 15 gwh med metangass. Anlegget skal plasserast i tilknytning til Lauvsnes gartneri.

-Eit slikt anlegg vil bety mykje for bøndene i Finnøy og Rennesøy, ikkje minst med tanke på dei nye gjødselforskiftene som er på trappene. Det bør også vera ei lønsom investering med dei gjødsel- og kraftprisane som er nå, meiner Spanne.