Finnøy-prest leia 17.mai gudsteneste i New York

Jofrid Landa frå Finnøy er prest i sjømannskyrkja i New York.

Jofrid Landa frå Finnøy er prest i sjømannskyrkja i New York.|17. mai-toget i New York.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

I går hadde ho sin fyrste 17.mai gudsteneste i verdsmetropolen.,

- Kjempekjekt. Eg trur det har vore ein stad mellom 1500 og 2000  innom sjømannskyrkja i dag. 17. mai er det desidert største arrangementet her. Dagens talar skulle vore ingen ringare enn Liv Ullman, men ho melde diverre forfall. I staden snakka generalkonsul Heidi Olufsen til folket.

Jofrid fortel at kvartalet rundt kyrkja er avstengt under feiringa. Meir enn 50 frivillige har vore med  og arrangert dagen.

- Korleis blir dagen?

- Det er ganske tradisjonell, norsk 17. mai-feiring, med pølser, is og brus, smørbrød og marsipankake. I dag er det einaste dagen me ikkje serverer vaffelkaker. Elles blir det leiker og konkurransar. I kveld blir det konsert med blant anna pianisten Aksel Kolstad.

Jofrid, som er dotter til Asbjørg og Johan Landa har vore utestasjonert i sjømannskyrkja sin regi i 12 år. Blant anna har vore i København og Antwerpen før ho kom til New York. Slik det ligg an no har ho ingen planar om å søka prestestilling i Finnøy.

 17. mai-toget i New York.
Publisert: