Her vil Erlend Harestad setja opp vindmølla. Det er her det er mest vind, meiner han.|Det er vindmølle av denne typen det er planar om på Austre Åmøy.

Av Rune Nedrebø,

ÅMØY:

Søknaden blei imøtekomen utan debatt, då saka var oppe til politisk behandling i Stavanger på torsdag. Politikarane hadde også spandert på seg ein tur ut til garden til Erlend Harestad på Austre Åmøy, for å sjå kor vindmølla er tenkt sett opp.,

Det er vindmølle av denne typen det er planar om på Austre Åmøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Åmøy-bonden fekk forståelse av at det ville bli eit ja, men saka skal også vidare til fylket.

-Det kan bli tyngre å få eit ja der, seier Harestad til Øyposten.

Vindmølla vil raga 18 meter over bakken til navet, og toppunktet på rotorblada vil stikka 27 meter opp i lufta. Vindmølla har Harestad tenkt å plassera på ein fjellknaus bak løa.

-Her bles det alltid, fjorden ligg rett ut her. Det er her ho vil produsera mest straum, forklarer Harestad.

Håpar på eit ja

Viss politikarane seier enstemmig ja, slik dei gjorde i møtet, trur han det kan betra sjansane for å få gjennomslag for mølla også i fylket.

-Kva reaksjonar har du fått på mølla?

-Begge deler. Nokon synes det er spennande, medan andre fryktar støy og korleis ho vil ta seg ut, seier han. Det er kome inn 13 merknader frå naboar til planane om gardsvindmølla.

Vindmølla vil bli ganske lik vindmøllene i vindmølle-parkane rundt omkring, bare i mindre målestokk.

-Blir dettte dyrt?

-Det vil kosta cirka 10 prosent av omsetninga på garden, seier Erlend Harestad.

Vind er ein lokal ressurs

Han legg til at vind er ein ressurs på garden som det bør vera mulig å utnytta. Fylkeskommunen har vore negativ til prosjektet mellom anna fordi det finst fornminner i nærleiken, mens byantikvaren i Stavanger ikkje har innvendingar.

Viss Harestad får grønt lys til prosjektet, reknar han med at det kan gi straum nok til mesteparten av gardsdrifta.

Erlend Harestad produserer 550.000 mjølk i året i tillegg til at han har ammekyr, konr og oppal av 15.000 rugeegghøner i året.