Søndag blir det avduking på Sjernarøy

Krigsseilar-monumentet vil bli avduka på Sjernarøy søndag. Stavanger Søemandsforening kjem for å leggja ned krans.

Publisert: Publisert:
Monumentet, som førebels er innpakka i påvente avdukinga, er plassert på sida av Alfred Hauge-bysta.

SJERNARØY:

Alt er nå klart for avdukinga av monumentet. Det skjer klokka 12.30. Mellom dei som kjem er Kjell Magne Olsen, leiar i Stavanger Søemandsforening.,

-Det er kjempefint at dei har fått dette til. Me kjem i alle fall to personar frå foreninga for å leggja ned krans på monumentet, seier Olsen til Øyposten.

Håkon Eide, som er talsperson for arbeidet med monumentet, håpar mange vil vera med på markeringa.

-Det er på høg tid dei blir heidra, seier Eide til Øyposten. Monumentet er utelukkande finansiert av bygda, etter at Stavanger kommune avslo søknaden om støtte.